– Får me vera med deg på trening?
Har du nokre treningstips du vil dela med andre? Har du ein trimtur som er heilt spesiell? Me vil vera med deg på tur. Silje Sæterdal Bøyum (til venstre), Anne-Lise Nordpoll og Ketil Tjore skal skriva om trim og trening i ein ny serie i Strilen.
Endret 18.01.11 14:32
I løpet av vinteren startar Strilen opp med Aktiv, ein redaksjonell serie der me skal få inn tips om trim og trening, og gje desse vidare til lesarane. Me skal padla kajakk, jogga langsetter asfalten, gå på toppane og rusla på skogsstiar, alt for å gje deg gode treningstips og kanskje eit lite spark til å ta turen opp av sofaen.
Kanskje treng du ikkje ein gong gå ut? Tredemøller og spinningsyklar er vel snart like vanlege som roapparata og vektbenkane, og me kjenner oss sikre på at dei i nokre heimar tener som meir enn klesstativ og dørstopparar.
Gå løypa
Så har du ein turmål som er heilt spesielt, i alle fall for deg, så gje ein lyd på aktiv@strilen.no. Me vil gå løypa og skriva om turen, aller helst saman med deg. Ved å skriva om turen håpar me at andre vil prøva seg på nye stiar, så du kan risikera at den hemmelege perla må delast med andre.
Eller kanskje har du lyst til å visa kvifor squash er den mest intense treninga ein kan få, kvifor kajakkpadling gjev den beste kombinasjonen av trening og naturoppleving, eller kvifor veterantreninga på fotballen framleis er kjekk sjølv etter femogtjue år m ed lyskestrekk og stive leggar.
Nå ei mål
Aktiv skal handla om nettopp det, å vera aktiv. Dette skal vera turar og aktivitetar som dei fleste kan klara, og som alle kan ha som eit mål å gjennomføra. For mange vil det vera eit mål i seg sjølv, å rydda tid i kvardagen til ei treningsøkt eller to i veka. Andre har kanskje eit løp eller eit sykkelritt dei skal vera med på i løpet av 2011.
Me tre har også våre mål, Anne-Lise skal sykla Birken, medan Silje og Ketil skal springa halvmaraton.
Kanskje når me måla, dersom du hjelper oss på veg med gode treningstips?
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





