Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Anne-Lise: Prosjekt sykkel

Anne-Lise: Prosjekt sykkel

Del | |

Kan 94,6 km i gjørme og regn bli ein fin tur?
(Pressefoto)

Publisert 03.03.11 10:05
Endret 03.03.11 09:48

– Ja, meiner Gisle Clementsen.

I fjor sykla han Birkebeinerrittet på imponerande 3 timar 14 minutt og 55 sekund. Sykkelturen frå Rena til Lillehammer vart unnagjort i ufyseleg vær med regn og kulde.

Om 204 dagar brakar det laus igjen med Birkebeinerrittet 2011. Då er forhåpentlegvis eg ein av deltakarane. 

Medan Gisle har utallige timar bak seg på sykkelsetet, veit bladfyken frå Strilen knapt bak og fram på sykkel, og endå mindre om korleis ein skal trimma seg i form til denne store styrkeprøven. Det skal det bli ei forandring på.

Gulrot i august
Skal ein koma i form, kan det vera lurt å setja seg eit mål, og gulrota for meg er deltaking i verdas største terrengritt.

I løpet av ei travel helg i august samlar Birkebeinerrittet opp mot 25.000 deltakarar. Rittet er kjent for god stemning og gjev både eliteryttarar, ungdom og vanlege mosjonistar noko å bryna seg på.

Kor mykje ein må trena til turen over fjellet, er avhengig av kva utgangspunkt ein har frå før og kva ambisjonar ein har.

Gisle trener Nordhordland sykkelklubb si ungdomsgruppe, og gjev gjerne bladfyken nokre råd med på vegen.

Start med langkjøring
– Visst du ikkje er i spesielt god form, kan det vera greitt å starta litt forsiktig. Når du syklar brukar du ein del musklar som du ikkje brukar så mykje elles, så kroppen treng litt tid til å bli van med rørslene, seier Gisle.

Rådet hans er å begynna med å trena 3. gonger i veka.

– Begynn med å bygga opp kondisjonen. Litt styrketrening retta mot dei musklane du har bruk for på sykkelen er også bra.

Skal ein sykla lengre distansar er «uthaldenhet» viktig.

– For å bygga opp kondisen vil eg anbefala roleg langkjøring i økter på 1 til 1,5 time. Langkjøringa kan skje på sykkel, men ein kan med fordel også variera litt og springa, gå på ski eller symja. Når du driv langkjøring skal du halda eit tempo som er slik at du klarer å snakka med sidemannen heile tida. Klarer du ikkje det, er tempoet for høgt, seier Gisle.

Han understrekar at den som vil prestera på sykkel, må sykla.

– Du kan ikkje springa deg i form til eit sykkelritt. Du må retta treninga mot den aktiviteten du vil driva med, men i ein tidleg fase i treninga kan det løna seg å variera, og så gå stadig meir over til sykkel utover våren.

Finn deg ei rute
Eit anna råd frå Gisle, er å finna seg ei fast rute å sykla.

– Tek ein utgangspunkt i Knarvik- Alversund-området kan det vera fint å starta med å sykla utover på Radøy og rundt Sæbø. Etterkvart som kondisen vert betre kan ein gjera runden lenger slik at ein syklar om Bø. Når ein har gjort det ein stund, kan det vera lurt å prøva seg på å sykla heile vegen rundt. Nordhordland rundt er nemleg omtrent like lang som Birken. Det er greitt å testa korleis det er å sykla ein slik distanse, sjølv om underlaget og terrenget er annleis enn det ein møter der.
Intervalltrening meiner Gisle at den ferske syklisten kan venta med ei stund.

– Intervalltrening er fint. Du kan godt legga til ei økt i veka med det, men vent til du har bygd opp litt kondis, seier han.

Og med råda til Gisle i bakhovudet har underteikna begynt treninga med to økter langkjøring og ei økt med styrketrening i veka. Ei av øktene med langkjøring går føre seg på sykkel, den andre med joggesko.

I neste utgåve av Aktiv-serien kan du sjå korleis det gjekk, då Strilen var med ungdomsgruppa til Nordhordland sykkelklubb på trening.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler