Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Bladfyk i Birken

Bladfyk i Birken

Del | |

Tre journalistar gjekk friskt ut og lova å koma i betre form. Fredag måtte første bladfyk til pers på sykkel. 

Publisert 01.09.11 12:08
Endret 01.09.11 12:20

I januar starta tre journalistar opp med eigen Aktiv-serie i Strilen. I same slengen lova bladfykane at dei sjølve skulle gjera ein innsats for å koma i betre form. Medan snøen lava ned og isen låg speilblank på fortaua sette me oss ambisiøse mål. Ketil og Silje ville springa halvmaraton og eg lova å sykla Birkebeinerrittet.

«Oppgjørets time»
No er det haust og klart for «oppgjørets time». Bladfykane må i elden, og du skal få vita korleis det har gått.

For denne bladfyken begynte det ganske bra. Første treningsøkt vart unnagjort i Nordhordlandshallen i februar, saman med den ferske ungdomsgruppa til sykkelklubben. Der fekk eg råd om å trena 3 gonger i veka. Og som sagt så gjort. Utover våren gjekk formkurva berre ein veg og det var oppover. Det vart både styrketrening på treningssenter, jogging, ski- og fjellturar og etterkvart ei og anna sykkeløkt. Det var både gøy og motiverande. 

Opp og ned…
Då mai kom, var bladfyken godt nøgd og sikker på å nå målet. Etterkvart som dagslyset kom måtte det jo bli endå lettare å finna tid og energi til å trena!

Så feil kan ein ta. For utover våren og sommaren dukka det opp både det eine og andre som krov meir og meir merksemd. Samtidig vart det lenger mellom øktene på sykkelsetet. Og når godvêret først slo til, freista det meir med ein tur på fjellet eller ein padletur på fjorden enn å sykla langs støvete landevegar. Så plutseleg var dagen der!

Stor pågang
I løpet av ei travel helg i august samlar Birkebeinerrittet opp mot 25.000 deltakarar fordelt på løyper for både store og små. Det tradisjonelle Birkebeinerrittet er 94,6 kilometer langt og går over fjellet frå Rena til Lillehammer. Rittet starta i 1993 og har vorte så populært at det no går over to dagar. 

Løypa er den same begge dagar, men i hovudrittet laurdag, vert deltakarane delt inn i klassar og dei som klara å sykla under ei viss tid kan ta «merke». Det kan ikkje deltakarane i Fredagsbirken. Her er einaste klasseinndeling kvinner og menn. Mulegheiten til å setja rekordar er dermed mindre og deltakartalet og tempoet noko lågare. Det siste passa definitivt underteikna best. 

94,6 kilometer på sykkel
Det var ikkje fritt for at det var ein spent journalist som kraup ut av ei hotellseng klokka halv seks ein fredagsmorgon. Medan kroppen framleis ropte etter senga, samla deltakarane seg på bussar for å verta frakta fram til start på Rena. Bussturen frå Lillehammer til Rena tek nesten to timar, og det er meir enn nok tid til at ein rekk å tenkja det ein har gjort og ikkje gjort for å førebu seg på denne dagen. Men har du først kome så langt er det for seint å angra. 

Då startskotet gjekk trilla bladfyken i veg. Det første stykket frå Rena går på asfalt og motbakkane kjem fort. På veg til første matstasjon på Skramstadsætra må du trakka deg opp lange seige bakkar. Her oppdaga bladfyken at å lada opp til birken med forkjølelse ikkje er noko særleg. Nokre av basillane hang tydelegvis igjen og det vart hosting og harking i bakkane. Tempoet vart deretter og ambisiøse syklistar i hopetal trakka forbi, men dei store nedbørsmengdane som metrologane hadde spådd såg eg ingenting til.  

Betre og betre mil for mil
Ved andre matstasjon var halsen framleis ikkje heilt på topp, men her var det flott haustlandskap og knallblå himmel så det kom ikkje på tale å bryta. Planen om å koma i mål på ei skapeleg tid vart skubba til sides, for dette måtte jo berre bli ein fin tur. Og det vart det. 

Humøret steig i takt med varmen frå solstrålane og kroppen vakna langsomt til liv. Etter 55 kilometer var ikkje journalisten i tvil. Visst sykkelen heldt til mål så gjer eg det og! 

Det gjer underverk for motivasjonen å kunna sykla opp den «berykta» Rosinbakken med friske fine bein, og passera tidlegare så ambisiøse ryttarar som heng pesande over styret. Folkelivet i den siste delen av løypa gjer også sitt til å gjera rittet til ei god oppleving. Mange har gjort det til ein tradisjon å stilla langs løypa med kubjøller og kostymer for å heia syklistane fram.

Og dei siste to mila er det berre å susa nedover bakkane. Bladfyken kom i mål på 6 timar og 34 minutt. Ikkje ei tid å skryta av, men konklusjonen er klar. Dette var gøy og eg gjer det gjerne igjen. 

Om dei to andre journalistane når sine mål, får du vita i løpet av september månad. 

STRILEN SIN UTSKREMTE: Anne-Lise Nordpoll lova å sykla 94,6 kilometer frå Rena til Lillehammer og kom seg velberga over målstreken (Foto: Kjersti M. Aase). STRILEN SIN UTSKREMTE: Anne-Lise Nordpoll lova å sykla 94,6 kilometer frå Rena til Lillehammer og kom seg velberga over målstreken (Foto: Kjersti M. Aase).

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler