Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
 Gamlevegen få kjenner til

Kort tur 2: Hilland-Sæbø

Gamlevegen få kjenner til

Del | |

I dag er det ikkje mange som kjenner den gamle bygdevegen frå Alver­straumen til Sæbø, men du finn han framleis om du leitar.    

Publisert 21.04.11 13:03
Endret 21.04.11 12:57

– Eg veit om vegen fordi me brukte den litt då eg var gutunge. For oss var det ein snarveg når me skulle besøka slekta, men det var lite kjent den gongen og eg trur ikkje det er mange som har gått den sidan, seier Rune Tjore (64).
Han er ein av få som framleis kjenner ein gamal bygdevegen med røter fleire hundre år tilbake i tid.

Eit alternativ til sjøen
Gamlevegen mellom Alverstraumen og Sæbø er nemnt i skriftlege kjelder i 1778, og var einaste ferdselsveg på denne strekninga fram til 1915.
– Det var sjøvegen som var den naturlege ferdselsvegen her i tidlegare tider. Denne vegen skal ha hatt status som tingveg, men den var i dårleg stand og sikkert ikkje mykje brukt. Det er veldig artig at det framleis går an å finna den, seier Rune og tek Einar Borgund og Strilen sin journalist med på vandring på gjengrodde stiar.

Start som til Peparen
Første spor etter vegen finn me på Hilland i Alverstraumen. Me kjører av FV 565 og opp Soltveitvegen, og heldt til høgre på asfaltvegen til me kjem til skilta turveg til Peparen. Starten av den gamle bygdevegen er nemleg den same som folk nyttar i dag for å koma seg til dei lokale toppane. Den første delen av vegen er godt opptrakka av turgåarar til Peparen og Fjellsende. Her går ein som om ein skal til Peparen, men der stien til Peparen skrår oppover til høgre, heldt gamlevegen fram nede i terrenget. 

Fiska i bekken
– Dei visste kva dei gjorde då dei la traseen til denne vegen. Den føl terrenget naturleg og ligg godt i ly, seier Rune på veg gjennom skogen.
Litt seinare opnar landskapet seg opp på venstre hand. Her dukkar det opp ei falleferdig løe.
– Truleg eit areal som vart dyrka opp i dei tider då det var litt pengar å henta på nydyrking, seier Rune, og fortel at vegen no går vidare i eit område som er lite brukt. Me går beint fram gjennom ei grind.
– I denne bekken her har eg faktisk fanga ganske stor fisk, flirer Rune i det ein liten bekk dukkar opp på høgre hand. Her er stien lite opptrakka, men ei stund seinare dukkar det opp spor etter nyare vegarbeid.

Hardt til høgre
Eit lite parti med pukkstein vitnar om at her har det vore maskiner på ferde.
– Her må me passa på. Den vegen som går opp skråninga her, er ikkje den gamle bygdevegen, seier Rune, og tar brått til høgre ut i marka. Stien forsvinn og Rune traskar i marka langs eit tjern.
– Storheimstjernet, seier han og følgjer gjedet til eit sauebeite og forbi murane til det han meiner må ha vore ein silo. Deretter ber det opp ei skråning til ei ny grind og ut på vegen til Vettås.
– No tek me til høgre. Etter nokre hundre meter er me oppe i krysset på Storheim, seier Rune. Han har sjølvsagt rett i det.

Éin kilometer på asfalt
Frå krysset ved Storheim finn ein ikkje lenger spor etter gamlevegen, dermed går turen langs asfaltvegen ein knapp kilometer til skiltet til Tjore gardsmat dukkar opp på venstre hand. Her oppe bur Rune og her oppe dukkar det opp nye spor etter gamlevegen.
Me følgjer gardsvegen opp til Tjore gardsmat og rundar garasjen med torvtak. Der vegen tek slutt, turar Rune ut på marka og heldt til høgre langs eit gjerde, til det dukkar opp eit le me kan går gjennom. Turen heldt fram nedover marka, tett gjennom to tun og kjem ut på ein veg bak Sæbø kyrkje.
Med Rune i front går det som ein leik. Det heile er unnagjort på 1 time og 15 minutt. 

Guida tur 1. mai
Turen går i lett terreng, nesten utan stigning. Utfordringa her er å finna vegen.
Gamlevegen er ikkje merka og finst ikkje avteikna på noko kart som er i handel i dag. Nokre stader er spora etter vegen borte. Skal du finna fram på eiga hand må du vera godt kjent, ha augo med deg og vera innstilt på å gå på oppdagingsferd. Dersom du berre har tenkt å gå ein veg bør du også alliera deg med nokon som kan transportera deg tilbake til utgangspunktet. Men det finst også mulegheiter for den som har lyst å gå turen utan å leita seg fram. Fottur langs gamlevegen står nemleg på programmet under Streif på Sæbø søndag 1. mai. Då kan du gå turen med guide, akkurat som Strilen har gjort.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler