Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Gjer slit til styrke

Gjer slit til styrke

Del | |

Med rett teknikk vert gardsarbeid super styrketrening. Gå nærare, hald ryggen rett og la beina gjera jobben er råda frå naprapat Anne Knarvik.

Publisert 24.08.11 15:27
Endret 24.08.11 15:26

– Lemming og åkerarbeid, seier gardbrukar Solveig Laumark-Møller, når Strilen ringer og spør kva gardsarbeid som sliter mest på kroppen.

Tunge tak under våronna og lemminga, skapar vondter her og der hjå mange. Det merkar naprapat Anne Knarvik godt på klinikken sin i Knarvik om sommaren. Då straumar det nemleg på med bønder som har slite helsa i ugunstige arbeidsstillinger. Som naprapat undersøkar og behandlar ho problem i kroppen sitt bevegelsesapparat, altså musklar og skjelett.

– Eg behandlar smertetilstander og funksjonelle problem i ledd og musklar, men det er jo mykje betre å førebyggja desse, seier Anne.

Med rette knep, er gardsarbeid super styrketrening, meiner ho. Nokre dagar seinare står naprapaten, Strilen og Solveig i åkeren på garden på Træland for å sjå korleis ein får arbeidet gjort utan å slita ut helsa.

Dans i åkeren

Åkeren er åstad for mykje tungt arbeid når ein gjer det meste for hand. Solveig kjennar tidlegare års arbeid godt i hofter og skuldrar. No vert det andre bollar.

– Med rett teknikk, vert dette ein god treningsøkt, seier Anne.

– Hold langt utpå reiskapen, stå breitt, eller med eine foten litt framfor den andre, og hold bakarste armen så tett inntil kroppen som mogleg, seier Anne.

Solveig får beskjed om å gynga frå side til side, med svikt i knea når ho arbeidar med kultivatoren i åkeren.

– Dette er jo nesten som zumba, seier Solveig.

– Folk kjem til å tru at eg står her og dansar!

Løft lettare, og med overtak

Når ein skal spa opp, er det freistande å trå til og gå djupt med spaden eller greipen.

– Ikkje topp greipen. Ta heller fleire, lettare tak, seier Anne.

Det praktiserar Solveig alt. Som folk flest, har ho ei hand på handtaket, og ei hand under skaftet når ho skal spa.

– Om du tek overtak med handa på spaden, lettar du stresset på løftemusklane, råder naprapaten.

– Spenn buk- og setemusklane. Dette hindrar at ryggen krummar eller svaiar når du bøyer knea for å komma ned til spade-tak høgde, fortsett Anne.

– Det var faktisk ikkje så vanskelig, seier Solveig.

Ei anna dagleg utfordring, er sauegarden i løa.

Måking i sauegarden

Solveig, mannen og deira tre søner driv eit aktivt småbruk, men dei driv ikkje stort nok til å investera i nye bygg, som tek omsyn til ergonomi. Sauegarden i løa er heva over golvet, men takhøgda er ikkje høgare.

– Så her står eg og bøyer ryggen når eg skal skrapa ut etter sauene, seier Solveig og demonstrerar.

– Om du knekker i knea, slik at du beveger deg fram og tilbake med utfallsteknikk, så kan du halda ryggen rak samtidig som du får god styrketrening for baken og beina. Dette vert du sterk i rumpa av, seier Anne.

– Det kjenner eg! svarer Solveig, som no skrapar med rak rygg.

Like ved, står levande bevis på ei av vårens store hendingar til gards. Dei fleste sauene er ute, men nokre står inne, til mamma sau har fått dreisen på morsrolla og lamma har fått dreisen på å suga mjølk.

Pass på tyngdelinja

Å hjelpa lamma ut, og å hjelpa dei til å suga er oppgåver som krevjar at ein arbeidar i låge stillingar. Solveig viser korleis ho har gjort dette til no.

– Når du sitter slik, må korsryggen og nakke, skuldrar og armar arbeida hardt langs strekken. Tyngdelinja bør gå gjennom bekkenet, ikkje gjennom skulderblada, slik som no, seier Anne.

Solveig kjenner strekken godt.

– Kom nærmare dyret, slik at du må strekka deg mindre. La brystet kvile på eine kneet, for balanse og støtte til ryggen, seier Anne.

Med hell og helsa i behald, vert det i alle fall éin bonde mindre på klinikken hennar i sommar.


FAKTA: SLIK FINN DU GODE ARBEIDSSTILLINGER

Desse generelle råda passer om du skal arbeida i åker, eller vaska golvet.

* Stå med litt brei avstand mellom beina, enten med beina parallelt eller med ein fot framfor den andre. Ha like mykje vekt på begge bein.

* Svikt litt i knea.

* Skap buktrykk ved å spenna mage, rygg, bekkenbunn og mellomgulv.

* Ikkje krum eller svai ryggen, men hald ei nøytral kurve i ryggen.

* Skuldra skal vera dradd lett nedover og skulderblada skal vera samla bak, slik at ein får ein «stolt» haldning.

* La armane jobba som ein forlenging av kroppen. Jo nærare kroppen ein har armane, jo mindre tungt må skuldra og ryggen arbeida.

LEMMING/HJELPA LAM TIL Å SYGA

* Sitt så nært sauen som mogleg. Jo nærare dyret ein kjem, jo mindre strekk og slit vert det på musklane i rygg, armar, skuldrar og nakke.

* Sitt med eit kne i bakken og støtt brystet til motsett kne. Slik får ein god balanse og god støtte til ryggen når ein arbeidar.

SKRAPA/MÅKA BÅSEN

* Bruk utfallsstilling, med ein fot framme og ein bak. Spenn mage og bøy knea. Held ryggen rak, men bøy knea så djupt 90 grader for å rekka til med reiskapen.

* Rekk du ikkje bort ned rak rygg, ta eit steg nærare der jobben skal gjerast.

* La overkroppen styra rørslene.

* Hald armane så nært kroppen du kan og jobb i små rørsler, medan beina gjer det tyngste arbeidet.

GRAVING

* Stå med eit bein litt framfor det andre. Vel venstre bein om du er høgrehendt, og omvendt.

* Ikkje grav så djupt du kan. Ta heller fleire, lettare spadetak.

* Ta overtak med handa som løftar i spadeskaftet.

* Bøy med beina. Hold høgre arm inntil kroppen og styr spaden med venstre hand (eller omvendt om du er venstrehendt).


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler