Gymtime for gamal og ung
God gamaldags sirkeltrening er oppskrifta på suksess for denne gjengen.
Endret 24.03.11 09:44
Det finst mykje nytt og fancy innan trening, men i Nordbygda satsar dei på at det enklaste ofte er det beste. Kvar måndag er det fullt kjør med basistrening i gymsalen.
Frå ni ti seksti
– Eg tar tjukkasen, kan de ta benkane?
– Ja.
– Og me kan ta mattene.
Vaksne og born samarbeider på treninga i regi av Risnes IL. Her er det plass til alle anten dei er ni eller seksti år.
På halvannan time får deltakarane trena dei viktigaste muskelgruppene, leika litt og flira mykje. Treninga følgjer eit fast opplegg, først sirkeltrening så stafett eller ballspel.
– På det meste har me vore 30 stykk på trening, men då vert det litt trongt om plassen, seier Tove Kristin Sleire Tistel og knyter joggeskoa.
Få minutt seinare strøymer musikken ut av cd-spelaren og sirkeltreninga i gang.
Ingen heksekunst
– Dette er ingen heksekunst. Øvingane er veldig enkle. Det er stort sett slike som du kan klara heime også berre du har tilgang på ei matte og ein stol, seier Vidar Tistel.
Han har hovudansvaret for treninga, men dersom ikkje han kan, er det alltid nokon andre som står klar til å ta over.
– Det har knapt skjedd at me har avlyst ei trening. Det er fordelen med å ha eit enkelt opplegg. Det er ikkje så mykje arbeid med å organisera det, og folk veit stort sett sjølv kva dei skal gjera. Dei som kan øvingane godt, rettleier dei andre om dei ser at dei har brukt for litt hjelp, seier Vidar, og losar journalisten ein runde gjennom øvingane.
18 stasjonar
Gymsalen er ikkje stor, men plassen vert godt utnytta. Ved hjelp av benkar, matter, hoppetau og anna enkelt utstyr tryllar deltakarane fram eit treningsstudio der ein kan utføra minst 18 ulike øvingar.
Fleirtalet av øvingane er av den gode gamle sorten som alle har vore innom i gymtimane på skulen uansett alder.
Her går det i armhevingar, situps, spensthopp, ryggøvingar, medisinballar som vert kasta i veggen og full fart med hoppetau og jogging på tjukkas.
Deltakarane på treninga går saman to og to og jobbar seg gjennom stasjonane to gonger. Treninga vert styrt av musikken.
– Når musikken kjem på er det fullt kjør i 30 sekund, så er det ein kort stopp der folk flyttar seg vidare til neste stasjon og pustar litt og slik helt me på. Musikken styrer seg sjølv, så ingen treng å sitja på sidelinja, seier Vidar.
Gangsperr som forsvann
På ein del av stasjonane er det muleg å velja mellom ulike øvingar.
– Kvar enkelt tilpassar øvingane til si eiga form. Dersom du vondt ein stad eller problem med å utføra ei øving, er det ingen som ser surt på deg om du hoppar over ein stasjon eller gjer ei annan øving, seier Vidar.
Er ein innom alle stasjonane får ein trena dei viktigaste muskelgruppene i kroppen. – Slik basistrening er nyttig uansett alder og aktivitetsnivå, seier Vidar.
Det kan Bjørn Nordvang skriva under på.
– Eg driv ikkje med noka trening elles, men dette passar meg bra. Det er viktig å få rørt litt på seg. Eg trur at denne treninga kan førebyggja skadar. I tillegg er det kjekt og sosialt, seier Bjørn.
Han merker at treninga hjelper.
– I starten kjente eg det godt dagen etter trening, spesielt i armane. No går eg så ofte at musklane toler meir, så eg får ikkje gangsperr på same måten, seier han.
Kvalitetstid med borna
Bjørn stiller på trening saman med borna sine. Det same gjer Hanne Marit Neverdal.
– Det er utruleg artig at folk i ulik alder kan samlast til trening på denne måten, og det er veldig praktisk. Vanlegvis er det slik at me foreldre køyrer borna til og frå aktivitetar eller vert sitjande på sidelinja å sjå på, men ein slik aktivitet som dette får alle utbytte av. Du får nytta tida godt i ein travel kvardag, og det er kjekt å kunna gjera noko saman med borna.
– Ja, og så trur eg det er kjekt for borna å ha ein ekstra fritidsaktivitet å vera med på. Det er ikkje så mange tilbod for ungdom her inne som vil driva med idrett. Me har fotballag, men det er jo ikkje alle som er interesserte i det. Det er kjekt å ha litt fleire alternativ å velja mellom. Eg trur også at det er positivt at folk frå fleire generasjonar kan trena saman. På denne måten får dei yngste nokon å læra av og sjå opp til, kjem det frå Tove Kristin, som har tatt seg ein pustepause før neste post på programmet. Det er stafett.
Kjempar om sigeren
Deltakarane stiller seg på rekkje, klare til å spurta fram og tilbake i gymsalen.
– Konkurranseinstinktet kjenner ingen grenser. I dag er me berre fire vaksne her, vanlegvis er me litt fleire og me er vel minst like ivrige som ungane når det gjeld å vinna dette her, flirer Hanne Marit.
Ho likar å trena, og joggar og trener styrke heime på eiga hand også.
– Eg hadde nok drive med trening uavhengig av om dette tilbodet hadde eksistert eller ikkje, men eg synest det er utruleg bra tilbod og går her ofte, seier ho.
– Gøyare enn gym
Fast på trening er også Bjørnar Torsvik Størkelsen (snart 11), Sofie Halland (12) og Adrian Andvik (14).
– Det er veldig gøy og enkelt. Kanskje bortsett frå armhevingane då. Dei er tunge, seier Bjørnar.
Han har vore med på treninga ei god stund. Det har også Sofie.
– Eg har vore med sidan starten. Det er tre år trur eg. Å gå på trening her er litt som å ha gym på skulen, men mykje gøyare, meiner ho.
– Me har ikkje så mykje slikt som dette i gymtimane på skulen. Då vert det gjerne volleyball, fotball og litt forskjellig, men det er minst like gøy og vera her. Gøyare eigentleg. Her får du nemleg treffa så mange forskjellige folk, seier Adrian.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





