Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Hoppar i alle friminutt

Hoppar i alle friminutt

Del | |

Elevane på Sandnes skule har lært seg tøffe triks med hoppetau, og siktar mot toppen i stor skulekonkurranse.  

Publisert 30.06.11 15:53
Endret 30.06.11 15:53

– I starten fekk me vondt under beina

– Og i knea

– Og litt i anklane

– Men no har me hoppa så mykje at kroppen er vorte van med det, seier Oda Aasgard Tveranger, Marie Skjelanger Kvinge og Maya Christine Farestveit.

Dei siste vekene har det vore fullt kjør med hoppetau på Sandnes skule. Skulen har gjort det til ein tradisjon å vera med på hoppetaukonkurransen til Nasjonalforeningen for folkehelsen for å fremja fysisk aktivitet i skulegarden.

– Eg trur me har vore med heilt sidan denne konkurransen vart starta. Me har i alle fall vore med fem-seks år no, og kvar gong har det vorte mykje liv på skuleplassen, seier Åshild Taule.

Ho er lærar for ein av klassane som er med i år, og kan fortelja om god innsats.

 

God skuleplass
Elevane på Sandnes har ein skuleplass som mange byskular kan misunna dei. Her er det god plass og lagt til rette for mange aktivitetar. På nedsida av skulen er det laga ei tøff tarzanløype med bildekk.

– Den er spesielt populær blant dei yngste elevane. Me har også fleire bordtennisbord, volleyballnett og ei lita fotballbane, og så har elevrådet gjerne dansekurs i midttimen, seier Åshild.

Ho fortel at aktiviteten på skuleplassen varierer i takt med vêret.

– Når det er kaldt og vått, er det lite freistande, men vår og haust finn dei på mykje kjekt. Å ha ein hoppetaukonkurranse om våren, passar veldig godt, seier ho.

Vil vinna

Sandnes skule har vunne hoppe­taukonkurransen tidlegare og brukar å ligga høgt på resultatlistene. Slikt gjev meirsmak.

– Ein del av elevane er veldig lystne på at me skal vinna i år også, seier Åshild.

Og når Strilen kjem på besøk på skulen ti minutt inn i matfriminuttet, har elevane for lengst hoppa seg varme på skuleplassen.

Ein god gjeng med både jenter og gutar står på rekkje og ventar på tur for å hoppa inn i to store slengtau, som vert snurra sam­tidig.

– Ikkje vanskeleg i det heile tatt, glisar dei.

 

Kan mange kunstar
Stilige kunstar er det også å sjå blant elevar som hoppar med enkelttau.

– Bamse, bamse ta i bakken, bamse bamse snu deg rundt, ramsar to blide jenter opp. Dei hoppar to samtidig i eit hoppe­tau. Den eine sveivar, hopper og seier regla og den andre hoppar og utfører det som vert sagt mellom hoppa.

– Det er ganske vanskeleg. Du må øva litt for å få det til, kan Oda, Marie og Maya Christine fortelja.

Ein del av elevane har også lært seg å hoppa ein og ein og kryssa armane for anna kvart hopp.

– Det er også litt vanskeleg, får Strilen vita.

– Me hoppar i alle friminutt, seier ei jente

– Ja, me hoppar litt heime også, kan ei anna fortelje.

– Og gutane då. Hoppar dei også?

– Jaaaaa!, kjem det frå to karar som hoppar forbi i full fart.

Mange lokale skular er med i konkurransen som går under namnet Petter puls. Og det er gøy skal ein tru elevane på Sandnes.

Dei fortel at målet er at kvar klasse totalt skal hoppa 110 minutt kvar dag.

– Me hugsar sjølv kor mykje me hoppar og så legg me tala saman, kan dei fortelja.

– Rekorden er 596 hopp samanhengande, ropar gjengen med slengtauet.

 

Får opp pulsen
Elevar i femte-, sjette og sjuandeklasse er med i konkurransen, og dei er vortne ganske spreke, synest Hanne i 6. klasse og Camilla i 5. klasse.

– Du vert varm av å hoppa tau. Får høg puls. Det er derfor konkurransen heiter Petter puls, seier dei og fortel at det er stillare i klasserommet i timane no.

– Me vert jo trøytte av all hop­pinga, men så vert me meir vakne også. Det er gøy og litt slitsamt og, oppsummerer dei.

At det skal vera gøy og litt anstrengande er også målet med konkurransen, som vert mark­nadsført som ein leiken og praktisk konkurranse som kan gje born kunnskap om saman­hengen mellom kropp, helse og livsstil.

Litt spennande er det også, for dei ivrigaste elevane som er lystne på å vinna konkurransen. Men dei må enno venta ein stund før dei får vita resultatet. Konkurransen varer ut denne veka, så det er berre ein ting å gjera. Å hoppa i veg. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler