Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
I hælane på ein gymlærar

I hælane på ein gymlærar

Del | |

ALVERSUND: – Så du skal springa halvmaraton. Eg har ei treningsløype klar, sa gymlæraren. Her er han knipsa slik eg såg han, ein rygg som spratt bortover stien.

Publisert 04.01.11 15:01
Endret 04.01.11 14:02

Det er gymlærar Espen Foseid Aakre ved Austrheim VGS som er på tråden. Han har sett i avisa at eg og to andre i redaksjonen lovar aktive tider framover, og at me ønskjer å vera med på treningsturar rundt om i Nordhordland.
– Eg har ei fin løype, lokkar Espen.
– Først Tveitavarden, så bortover til Kvamsfjellet, deretter Fossevatnet og Vassberget, utover på hestevegen og til Åse, via Indregardsfjellet til Knarvik, og tilbake til Ikenberget.
Når sjølv det å snakka om turen gjer at ein vert andpusten, skulle eg nok ha visst at det vart langt. Men sidan eg vel å ikkje læra av mine feil, så heng eg meg på. Søndag må det verta.
Rekk det akkurat før me skal på julebuffet med heile halve slekta.

Trenar nesten aldri
– Det har vore lite trening på meg i det siste, seier Espen der framme.
Lite trening i høve til kva, tenkjer eg, men seier det ikkje.
Eg spring på det eg er god for, og kastar ikkje vekk pust på å svara. Madammen var skeptisk i det eg forsvann ut av gatedøra, ho meinte visst at eg burde starta med ei utfordring som eg visste gjekk greitt.
Det var visst noko med at eg ein gong skal ha komme krekande heim på sykkelen, kvitare i fjeset enn det kvitaste Blenda-laken, og deretter ha slukt 200 gram kokesjokolade kjappare enn nokon kan stava kvalme.
Du veit at du joggar for lite når du ikkje finn joggeskoa dine. Etter febrilsk bakoverspoling oppe under hua, og ein sms til Espen om at eg nok kjem fem minutt for seint, kjem eg på det. Dei ligg i putekassen, rydda dei oppi der før fødselsdagsbesøket til toåringen.
Joggeskoa er sånn passeleg frysetørka, men eg smit dei på og spring det eg er god for ut til Ikenberget. Ein ideell start på treningsturen, komma pesande til startpunktet med tunga hengjande ut av munnen.

Vid utsikt
På Tveitavarden er utsikta vid, i alle himmelretningar. Me peikar på moglege mål for turen, og eg legg merke til at eg peikar på toppar i nærleiken, medan Espen peikar på landet lenger bak.
– Vassberget, seier han med eit nesten bibelsk tonefall.
– Fossevatnet.
– Indregardsfjellet.
Det siste kan eg gå med på, for det ligg mellom meg og heimen, og uansett så må eg vera heime tidsnok til å nå søndagsjulebuffetbesøket.

Flatt du liksom
– Her er det fint å springa intervall, flatt og fint, seier Espen og sprett frå tue til tue bortover stien.
Eg kjenner at tyngdekrafta har betre grep på mine bein, det er som om dei vert dregne mot bakken med magnetisk kraft.
– Kom igjen no, seier gymlærar Espen.
– No er det heilt flatt bortover til Svart-hamrane, legg han til, og let Adidasane sine flyga over tuene bortover stien.
Eg tenkjer med meg sjølv at det er godt at denne læraren ikkje underviser i matte, og i alle fall ikkje i geometri.
For han anar ikkje kva flatt er for noko, dette er slett ikkje flatt. I mine auge, og i alle fall med mine bein, så er dette kupert terreng. Eg bit tennene saman og langar ut det eg er god for.

Fire i gym
Ved posten på Svarthamrane har Espen gått på ein nabo, og står i ro lenge nok til at eg rekk å henta inn att forspranget. Nett i det eg har nådd til standplass seier han noko om at det er kaldt å stå i ro, men eg lest berre som eg ikkje høyrer.
I staden drøyar eg tida med å spørja om kva karakter eg ligg an til å få for denne gymtimen.
– Det får verta ein firar, svarer Espen etter å ha summert opp eit totalinntrykk der både frammøte og fint ver er rekna inn.
Dermed har eg sidan gymnaset gått ned ein karakter i gym. Til gjengjeld så har eg gått opp nesten tjue kilo i den same perioden. Noko som berre må bety at eg var utruleg tynn på den tida.
– Og så er det lite syting å høyra, legg han til, uvitande om kva slags tankar som den siste timen har svirra rundt innunder den sveitte topplua mi.
– Rett bort her er Kvamsfjellet, seier Espen og sprett av garde slik at brakebuskene deler seg som Raudehavet for Moses.
Eg ligg raskt såpass langt bak at dei stikkande greinene rekk å finna ro før eg skal passera, og temmeleg snart er ei raud lue det einaste eg ser att av gymlæraren. Den raude flekken sprett hit og dit mellom buskene der framme på stien.
Over issvullar og gjennom krattet går det, fullt firsprang det beste eg vinn.
Strengt tatt må eg snart ta han att, i alle fall for å fortelja han at eg har konspiratoriske planar om å feiga ut straks enden av hestevegen viser seg i terrenget. Eg kan høyra pinnekjøtet ropa på meg, berre eg kjem meg heimover raskt nok.
Nedover i skogen frå Kvamsfjellet når eg i han, og varslar at Vassberget denne dagen berre vert noko eg har utsikt til, og ikkje utsikt frå.

Sjå opp for kulene
Er det mogleg å få gangsperr i magen?
Eg kryssar fingrane for at mjølkesyra ikkje skal stiga frå leggane og låra og opp i magen. For då vert det problem med det pinnekjøtet, og dei pinnane skal eg ha, eg kan beint fram kjenna lukta der eg tyner meg opp stien frå fylkesveg 57. Eg stakk til skogs like oppom Isdalsgardane, på ein sti som kan ta meg like til Gjervik om eg ikkje tidsnok tek til høgre.
I starten heldt eg til venstre i kvart stidele, der har gymlæraren innprenta meg, og taktikken viser seg å vera heilt rett.
Snart har eg fantastisk utsikt over Isdalgardane, og kan sjå både til Knarvik og like til Bergen. Eit informasjonsskilt oppmodar turgåarar til å ikkje bruka stien under hjortejakta, men eg kryssar fingrane for at jaktperioden ikkje er forlenga i denne kommunen.
Hardt høgre ned mot gamleskulen, inn i ein sur motvind som krev at ein dreg hua langt ned og dreg halsskjerfet godt opp. Berre ein sving i Brekkeløypa no, så er eg heime.
Pinnekjøtet er berga!

 

Aktiv i Alversund
• Turkart for Lindås og Radøy, utgjeve i 2005, viser stiane og løypene som er nemnt her. Kartet er til sals mellom anna hjå Lindås kommune, resepsjonen.
• I Alversund er det mange stiar som tek deg ut i det grøne, og det tek ikkje lange tida før trafikkstøy er erstatta av stille og utsikt.
• Skal du på søndagstur og brukar bil til startpunktet er Ikenberget ein grei plass å starta, med mogleg parkering utanfor søndagsstengde butikkar. Erstadfjellet er også eit bra startpunkt, kjør eventuelt inn på stikkvegen frå Åse-sida.
• Med så mange stiar å velja i er det lett å tilpassa turen etter kor langt du vil gå eller springa. Dette turterrenget får toppkarakter hjå oss.
• Og har du god tid, kvifor ikkje ta med deg ein termos med drikke og gjer det til ein skikkeleg søndagstur? Barnevogna slit du med her, men kan rekruttane gå litt er dette eit flott område.
• Skal du springa på vegen må du hugsa refleksar.
• Vil du ha Ketil, Anne-Lise eller Silje med deg på ein treningstur? Send ein e-post til aktiv@strilen.no.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler