Joggeturane inn på harddisken
No treng du ikkje vita kvar du har jogga. Ei pulsklokke med GPS hugsar det for deg.
Endret 12.04.11 10:47
Pulsklokker er ikkje kva det eingong var. I starten var det eit belte til å spenna rundt brystet, og ei klokke på armen som viste puls og tid.
Finnane er langt framme innan pulsklokkeproduksjonen, dei kan dette med duppedittar der borte i skogane. Verksemda Polar var først ute, og tok sist på 70-talet patent på hjartefrekvensmåling, som er det litt lengre og meir imponerande namnet på puls. I dag er Polar langt frå åleine på marknaden, du kan kjøpa pulsklokker også frå mellom andre Suunto (finsk det også), Garmin, Nike, Sigma og meir til.
Og fleire av desse tilbyr altså kombinasjonen av pulsmåling og GPS-registrering, slik at du ikkje berre veit kor fort du har sprunge, og med kva hjartefrekvens, men også kvar.
Rett sone
Ei pulsklokke er sjølvsagt også ei klokke, med stoppeklokke, mellomtider og lagring av tidlegare rundetider. Men som puls først i namnet tilseier, så handlar det om å passa på pulsen. Skal treninga vera ideell, kan det vera fint å vita kor mykje ein tek seg ut. Ikkje for fort på kvar einaste treningstur, men ikkje så slapt at treningseffekten knapt overgår støvsuging.
Den vanlegaste tommelfinger-regelen er å ta utgangspunkt i ein maksimalpuls på 220, og trekkja frå alderen. Til dømes 220 minus 36 (heilt tilfeldig), det vert 184. Så ønskjer du å ligga til dømes mellom 70 og 80 prosent av maksimalpuls når du trenar. Du tastar du inn på klokka at alarmen skal gå dersom pulsen din går over, eller under, ei sone frå 128 til 147 pulsslag i minuttet.
Rett på kartet
Kjøper du ei pulsklokke med GPS, kan du etter joggeturen lasta dagens tur over på datamaskina, og sjå på kartet kvar du faktisk har vore. Garmin og Polar brukar begge Google sine kart.
Kjekt om du har sprunge
orienteringsløp, og lurer på kvar du faktisk var, då du ikkje fann dei hersens postane. Eller om du er ein fanatisk tilhengar av det nyleg vedtekne Datalagringsdirektivet, og ønskjer å ha nøyaktige data for kvar du til ei kvar tid har vore. I tilfelle justisminister Storberget ein dag skulle ringa på døra, og be om svar på mange spørsmål.
Også sykkel
Dei ulike produsentane har også tilpassingar for sykkel, for dei som driv med tohjuling i tillegg til joggeturar.
Du kan til dømes kjøpa ein eigen målar som viser tråkkfrekvensen din, altså kor mange gonger du har sveiva pedalane rundt i løpet av den faste treningsturen. Sit du i sofaen og kjenner det brenna i låra etter sykkelturen, vil opplysningane frå tråkkfrekvensmålaren fortelja deg om du har hugsa rådet om «lette gir».
Ekstra motivasjon
Eg trur ikkje stega ville gått lettare innover Gjervik-asfalten om eg hadde hatt ei dyr pulsklokke på armen. Blåst og regn er vel like vått og surt når eg står der innanfor dørstokken og myser ut. Og tempoet mitt vert vel mykje det same, anten eg kan lesa av pulsen min på eit display, eller kjenna den på halsen medan eg heng over ein stabbestein og dreg inn luft.
Men jammen så har eg ikkje lyst på ei slik GPS-pulsklokke likevel. Må berre sikra meg at sjefen heime ikkje veit prisen...
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





