Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Opp av sofaen!

Opp av sofaen!

Del | |

KnarvikXtrem opnar ein sesong med korte og lange løp.

Publisert 27.04.11 17:22
Endret 27.04.11 17:22

Kjenner du korleis tyngdekrafta pressar deg ned i sofaputane?

Har det lagt seg eit dekke av spindelvev over joggesko og treningstøy?

Fortvil ikkje, no ventar ein sommar med løp på rekkje og rad, der du kan pesa rundt langs asfalt og til skogs, og endåtil kombinert med sykkel og våtdrakt dersom det er triathlon som er «di greie».

Ut i skogen
KnarvikXtrem neste helg går delvis i «Brekkeløypa», men den lengste delen av rundane går i kupert terreng. Løypa er i følgje arrangørane for dei som «vil ha ei ekstra utfordring», med trasé på grus, skogssti, berg/stein og myrlendt terreng

Samla stigning i dette løpet er på kring 400 meter.

Ein må vera fødd i 1996 eller tidlegare for å kunna delta.

Same løypa
Arrangørane av KnarvikXtrem har etter stort påtrykk frå løparar gått vekk frå planen om å laga ein ny trasé for ekstremløpet. På nettsida si skriv arrangørane at løparane helst vil kunna samanlikna tidene sine frå år til år, og for å få dette til vert traseen for løpet den same som dei har brukt sidan 2005.

Vil du sjå nærare på utfordringa finn du løypekartet for KnarvikXtrem på nettet, sjå www.knarvikmila.no.

Påmeldinga til løpet skjer same dag som løpet går.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler