Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
På sporet av postmannen

Lang tur: Postvegen frå Bergen

På sporet av postmannen

Del | |

Postvegen heim frå byn byr på flotte naturopplevingar og store kontrastar.

Publisert 21.04.11 13:03
Endret 21.04.11 12:55

Posten skal fram, heiter det. Og det gjaldt også i tidlegare tider. I 1785 vart det bestemt at det skulle opprettast faste postruter mellom Trondheim og Bergen. Det kan du framleis nyta godt av. Mesteparten av den Trondhjemske postvei er i dag borte, men dei delane som er att kan gje flotte turopplevingar. Frå Bergen gjekk posten nordover gjennom Åsane med hest til Tellevik. Der vart posten rodd vidare til Isdalstø og vidare over land. Etappen frå Sandviken til Knarvik eit fint utgangspunkt om du har lyst på ein dagstur.

Start ved Sandviken sykehus
Tek du bussen til Bergen er det greitt å gå av på busstoppet ved Sandviken sykehus. Her kan ein følgja gangvegen under hovudvegen og rundt sjukehuset og starta turen på postvegen der. Grusvegen snor seg bratt oppover i fjellet bak sjukehuset og undervegs passerer du karakteristiske treskilt, som du vil finna att fleire stader langs ruta. Etter å ha gjort unna dei første kneikane forsvinn grusvegen inn mellom blokkene i Skyttervegen.

Ned Kistekleiva
Grusvegen dukkar opp att bak ei 14. etasjar høg blokk. Følg vegen til neste vegkryss. Går du til høgre her kjem du ned att på asfaltvegen som går over Munkebotn og kan følgja den nordover til du kjem til enden av vatnet. Her ventar ein fin rasteplass. Like ved rasteplassen står neste skilt som viser veg ned Kistekleiva. Stien følgjer elva. Gå vidare i skogen på sti slik at du kjem ned bak Eidsvåg auto. Har du problem med å finna rette stien i skogen her, så går det også fint å følgja asfaltvegen heilt ned til Eidsvåg fabrikker.

Over Glaskaret til Rolland
Frå Eidsvåg fabrikker går du vidare mot Rema 1000 butikken (tidlegare Lidl-butikk). Følg gangvegen forbi butikken til du kjem til eit kvitt hus der firmaet Hvitvask heldt til. Her kryssar du vegen og går opp bak barnehagen der eit nytt skilt viser deg snarveg over Forkleiva. No skal du over Glaskaret. Ta til høgre på lita bru over motorvegen og følg nytt skilt til postvegen. Her går vegen opp att i terrenget. Du kan sjå stien i skaret til høgre for tunnelopninga.
Stien over Glaskaret til Rolland gjev deg ein smakebit av korleis Åsane ein gong var. Her ventar gamle steingardar og løer der hesjestaurane framleis ligg lagra. Kontrastane til nybygde hus og bilane på motorvegen lenger nede kunne knapt vore større. På postvegen kan du gå i di eiga verd.

Fargerike hus
Når du kjem til dei øvste husa på Rolland er det slutt på bygdeidyllen for ei stund. Her viser Åsane seg frå si urbane side, men det er framleis mykje kjekt å sjå på. Følg gangvegen mellom nyrestaurerte blokker i Barkaleitet borettslag og legg ruta vidare forbi dei fargerike husa i Seligrend. Brukar du augo kan du legga merke til artige detaljar og fine blomebed. Følg så gangvegen vidare mot Gullgruven. På vegen passerer du ein bensinstasjon som har både pølser og is om det skulle freista.

Over fjellet til Falkanger
Midt i kaoset av nye rundkjøringar og vegarbeid ved Gullgruven dukkar det opp eit nytt skilt som fortel at du framleis er på sporet av den Trondhjemske postveg. Den peikar i retning Åsane gamle kirke. Herifrå heldt du fram på asfalt innover Dalavegen. Ein ny idyllisk flekk i drabantbyen.
Frå Melingen går det fin grusveg over fjellet. Vegen er skikkeleg bratt, så nokon og ein kvar vil kjenna det i leggane her, men utsikta er fin og på toppen ventar ei gamalt steinhus, med benkar som innbyr til ein ny rast. Rasteplassen ligg heilt i vegen og herifrå følgjer ein grusvegen vidare. Etter å ha passert ei tavle med informasjon om Sætregarden er det på tide halda utkikk etter neste skilt til postvegen. Det dukkar opp på høgre hand. Stien går vidare i marka og inn i skogen. Den endar i ein sving i Falkangervegen. Resten av turen til Knarvik går på asfalt. Følg bilvegen om Tellevik, då passerer du kaien der posten vart frakta sjøvegen til Isdalstø. I dag er det små sjansar for båtskyss her, i staden kan dagens vandrarar følgja gangvegen over Nordhordlandsbrua og avslutta turen i Knarvik.

Turen kan delast opp
Går du heile vegen frå Bergen til Knarvik, må du rekna med å bruka mellom fem og sju timar på turen. Nokre stader er restane etter den gamle postvegen tydelege, andre stader går ruta på nyare turstiar og langs asfalterte vegar. Det kan vera lurt å tenkja på når du vel skotøy. Underteikna valde vekk fjellsko til fordel for tursko/joggesko og angra ikkje. Sko med demping gjer dei lange etappane på asfalt meir behagelege, men det siste stykket i terrenget frå Sætregarden kan vera blautt.
Synest du turen frå Bergen vert i lengste laget, er det også muleg å dela den opp. Det går til dømes an å starta på Nyborg i Åsane og berre gå den siste delen av vegen over fjellet til Tellevik. Skulle du starta på den lange turen og gå lei undervegs, er det heller ikkje vanskeleg å avbryta ein stad langs vegen og ta bussen til Knarvik.
Postvegen er skilta, og informasjonsskilt undervegs fortel litt om historia til vegen. Turen er også omtalt i boka Turløyper i Bergens-området, og i samband med Knarvikmila er det muleg å gå store delar av postvegen i turmarsjen Bergen Fjord Tour.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler