Prosjekt Ketil: Farvel flesk
– Eg ser du skal verta aktiv, seier folk, og plasserer ein peikefinger i sideflesket mitt.
Endret 24.03.11 09:45
Berre vent, snart skal det ikkje vera meir sideflesk å setja fingeren i. Eller, i alle fall skal flesket vera litt fastare.
For når den yngre garde i redaksjonen har starta treningsspalte med eigen Aktiv-vignett, så forpliktar det til å starta treninga. Om eg så langt ikkje har fått meg ein personleg trenar, så har eg dess fleire kjenningar som ikkje vil ta ei krone i betaling for å leggja seg på fløyta og tyna meg fram, om dei skulle sjå meg halsande etter vegen.
Frilansarar i Strilen (av den spreke typen) har fleire gonger kost seg med å småmobba meg på jobb. Ein frilansar laga reportasje om Lindås Halvmaraton (der eg kom i mål på 2.15). Ein annan om langorientering over Gladihaug (der eg kom i mål). Den siste ungdommen meinte at kroppen min var i ferd med å verta aerodynamisk, om du skjøner kva eg meiner.
Dørstokkmila
Trening går i bølgjedalar. Mange har hatt periodar i løpet av livet der dei har vore ivrige langsetter dei kvite stripene, eller springande etter ein ball eller i ei skiløype. Men er det kanskje andre ting som må prioriterast ei tid, og når kroppen liksom har funne stillinga i sofaen, kan det vera vanskeleg å komme seg i gang att. Dørstokkmila er innimellom den lengste distansen i treninga. Er du over der, er du i gang!
Målet for 2010 er å springa halvmaraton på minst pers, det vil seia ei tid rundt 1.45. Forskjellen frå 2.15-løpet er at eg denne gongen skal trena litt først, eit forslag som elles vart lufta i heimen (i syrleg tonefall), etter at eg hadde gått rett frå sofastilling til å gampa gjennom halvmaratonløpet frå Bruvoll til Søreide og tilbake.
Tre økter
No er det visst februar alt, og det betyr at treninga bør komma i gang fortare enn svint. Eg har ordna medlemsskap i Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, og frå nettsida deira (kondis.no) har eg kikka litt på ulike treningsprogram. Og så har eg fått nokre treningstips frå SK Vidar-løpar Øystein Sylta, Frekhaug-karen som har 2.17 (!) som pers på heilmaraton. Eg prøver å starta med tre økter i veka, det meiner Sylta heldt i starten.
– Du må klara ein snittfart litt under 5 blank per kilometer i løp. Denne farten er også «terskelfarten» din, og det du bør kunna springa relativt komfortabelt på trening ved til dømes intervall, skriv Sylta.
– Men hugs at du skal verta god til å springa 5 blank over 21 km, ikkje 3.30-fart i 10 x 200 meter! Ha det som utgangspunkt når du trenar.
Lengre og lengre
På kondis.no er rådet til ein på mitt nivå, å springa ein roleg langtur på oppunder timen, og to økter intervall. Eg tenkjer at litt spinning eller squash må vel kunna telja som intervalløkter, eller for så vidt å springa etter borna under søndagstur, mange kjappe spurtar der også.
Øystein Sylta rår til å ta det litt som det kjem.
– Ein må vita kva som må til, og kunna justera treninga dag for dag. Programslavar er det nok av, og dei vert som regel aldri gode, skriv Sylta i sine tips.
– Med tre økter løp per veke vil du på det meste ligga på kring 30-50 kilometer i veka. Dei første 3-5 vekene kan du bruka til å auka gradvis, eksempelvis 20-30-40-50 kilometer/veke, skriv han vidare, og lovar å komma med fleire tips dersom eg gjer mitt, og slit asfalten dei komande månadene.
– Korleis du skal springa er nesten uviktig på ditt nivå, så lenge du spring. Som ein hovudregel vil eg seia: Tren meir enn du har gjort før, og du vert betre uansett. Klarer du 50 kilometer på ei veke er det veldig mykje betre enn 20-30 kilometer, avsluttar Sylta.
Eg satsar på fleire og lengre turar utover våren, og kanskje eg kan fullføra ein halvmaraton utan å lura på om siste saftservitør har pakka dunken før eg har passert.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





