Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Prosjekt Silje - Å stilla til start

Prosjekt Silje - Å stilla til start

Del | |

Toskeskap å springa halvmaraton til hausten? Heilt sikkert, men her er planen.

Publisert 03.03.11 10:05
Endret 03.03.11 09:48

– Eg trur eg må setja meg ned, seier eg og navigerer mot bakken utan syn og hørsel.

Slik gjekk det på første sirkeltrening med personleg trenar Christoffer Eide frå Studio Nor.

– Du må ikkje gløyma å pusta, seier han.

Tapre, tapre Christoffer.
Han har tatt på seg oppgåva med å losa meg fram mot målet. Om eit drygt halvår skal eg komma meg gjennom ein løype på litt over 21 kilometer. Eg har to bein, men ikkje så mykje anna fysikk som talar for ideen.

Om eg ikkje tidligare har forstått effekten av personleg trening, så lærer eg om det no. Eg har fått ein klar treningsplan for eigentrening, samt økter kor han passar på at eg ikkje driv dank, men pressar meg forbi det eg trur eg overlever.

– Du har alltid fleire krefter enn du trur, seier han til meg medan eg dirrar i knebøy.

Treningsopplegget Eide har sydd saman, har fokus på progresjon, variasjon, spesifisitet og tilpassing og belastning.

– Me skal auka belastninga gradvis etter kvart som kroppen tilpassar seg, for å oppnå ønska utvikling. Dette gjer me ved å regulera hyppigheit, intensitet og tid på treningane. Variasjon er positivt for motivasjon og for å betra og utfordra kroppen sine rørsler, seier han.

Spesifisitet tydar at ein trenar på den treningsformen ein har som mål å bli god på.

– Rett restitusjon er og veldig viktig, påpeikar han.

Kvifor valet fall på halvmaraton når eg ikkje er noko joggefan? Min fysiske form – både kondisjon og omriss - er verre en nokosinne. Det er på tide å ordna opp.

Eg troppa opp på Studio Nor like før jul for å høra om det fanst håp. Rådet frå treningsansvarleg Elisabeth Myhr Navdal var å setja seg eit mål som eg vart inspirert nok av til å halda ut med treninga – som ville vera hard.

I ti år budde eg langs løypa til verdas største halvmaraton, Great North Run. Kvart år tenkte eg at eg ein gong skulle vera med og løpa gjennom gater og langs strender i Nordaust England.

Eg har sett korleis pengane som løparane samlar inn vert nytta til siste penny hjå frivillige organisasjonar. Det er rift om dei 54.000 plassane, så eg bit negler nokre veker til før eg får vita om eg får vera med.

I fjor var det, host hark, løpslegenden Haile Gebrselassie som vann. Eg ventar ikkje å springa side om side med etiopiarane, men eg vil gjennomføra. Stiller ein ikkje til start, har ein alt tapt.

 

Treningsplan For Silje del 1
Personleg trenar Christoffer Eide si treningsplan for ein utrent person, kort fortalt:
Trening per veke frå februar til juli
1 time med aerob utholdenhet: Løping på tredemølle, lang tur med barnevogna eller anna form for langkjøring.
1 time anaerob utholdenhet: 4 x 4 minutts intervalltreningsprogram.
1 time basisstyrke: Styrkeprogram på treningsstudio
1 time uthaldande styrke: Bodypump-time eller anna vekttrening med mange repetisjonar.
1 time med personleg trenar i veka i februar og mars. Øktene vil variera i innhald, frå sirkeltrening, med kondisjon og styrke, til balansetrening. Frå april til juli skjer dette annankvar veke.

Merknadar:
* Frå mai: To timar med teknikktrening per månad til konkurranseførebuing.
* Ein kviledag mellom styrketreningar
* Gjerne fleire lange turar eller aerobe øktar om mogleg

Trening i august og september
I august vert treninga meir intensiv. Formtoppen skal nåast i august, slik at det framleis er tid til restitusjon før sjølve løpsdagen 18. september. Treninga vil ha meir fokus på teknikk, konkurransetrening og mental trening.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler