Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
– Sprekaste skulen i Lindås

– Sprekaste skulen i Lindås

Del | |

Tilsette på Alversund skule konkurrerer om å gå mest muleg. Rekorden er 50.000 skritt på ein dag.

Publisert 12.04.11 10:47
Endret 12.04.11 10:42

– Det er veldig godt for humøret og skikkeleg konkurranse, flirer lærar Lars Inge Kjemphol.
I februar melde 37 tilsette ved skulen seg på ein stor aktivitetskonkurranse. Konseptet heiter dytt.no og for gjengen i Alversund har det vorte eit dytt til å koma seg ut or godstolen.

Let bilen stå
– Mange av oss var litt aktive før også, men no er me vorte endå flinkare.
– Ja, nokre har knapt brukt bilen den siste månaden og gått og gått og gått.
Lars Inge Kjemphol, Leif Bjørnar Hopland, Asbjørn Hjørnevik og Sissel Aarhuus flirer og ler, når dei fortel om konkurranseinstinktet på skulen.
Sissel har rekorden.
– Det meste eg har registrert på ein dag er 50.000 skritt. Den dagen var eg først på tur, så hadde eg ei økt med pilates, deretter body pump og så avslutta eg med spinning, får Strilen vita.

Målet er 10.000 dagleg
Konseptet til dytt.no går ut på å motivera folk til å bevega seg. Det skjer ved at tilsette i ei bedrift melder seg på ein konkurranse som går nokre månader og får utlevert ein skritteljar.
Skritteljaren er ein liten svart boks som vert festa på bukse­kanten. Når dagen er ferdig går ein inn på internett og legg inn kor mange skritt ein har gått. Det er også muleg å registrera andre aktivitetar og rekna dei om til skritt.
Målet er at dei som er med i konkurransen skal gå minst 10.000 skritt dagleg. Det har ikkje vore noko problem for gjengen i Alversund.

Lagar seg ærend
– Me trakkar mykje på jobb. Lærarane går mykje mellom ulike klasserom og har vakt i friminutta. Eg går gjerne 5000 skritt i løpet av ein arbeidsdag, så då treng eg ikkje gå så veldig mykje etter arbeidstid for å nå målet, seier Asbjørn.
Men det gjer han. For dei tilsette på skulen har danna lag og konkurrerer mot kvarandre om kven som kan gå mest.
Dei ivrigaste går i snitt 20.000 til 30.000 skritt kvar dag.
– Ein av elevane mine spurte kvifor eg gjekk så mykje rundt i klasserommet.
– Så de står ikkje lenger i ro når de underviser?
– Hehe…Fullt så gale er det ikkje vorte endå, men me er nok lettare å få opp av kontorstolen enn før.
– Ja, hin dagen gløymte eg hua mi att på skulen. Då berre sa eg til kona et eg måtte tilbake å henta noko og så gjekk eg frå Knarvik til Alversund. Kor nødvendig det var kan sikkert diskuterast, men eg fekk meg ein heil masse ekstra skritt, ler Lars Inge.

Går saman
Gåturane gjev resultat.
– Eg har gått ned ein to-tre kilo sidan konkurransen starta 11. februar. Kor mykje me har gått ned til saman kan me jo berre gjetta på. Det er ein fin bonus, seier Lars Inge.
Ein annan bonus er godt humør og samhald mellom kollegaene.
– Det er faktisk det beste med heile opplegget. Me har eit godt miljø, og no er det blitt endå betre. Folk vert så ivrige etter å gå at dei avtaler å møtast på fritida for å gå tur saman eller trena på andre måtar. Konkurransen er veldig enkel og me har ikkje lagt opp til noko organisering, men me opplever at folk hiv seg rundt og lagar til ting på sparket. Det er utruleg kjekt, kan Leif Bjørnar og Asbjørn fortelja.

På 10. plass
Mykje prat og fnising på lærarrommet vert det også når alle skal fortelja om kva aktivitetar dei har prøvd, eller absolutt ikkje prøvd for å skaffa seg ekstra skritt.
– Når du går inn på nett og registrerer kor mange skritt du har gått ein dag, kan du også sjå på eit kart korleis du ligg an i forhold til målet i konkurransen og andre på din arbeidsplass. I den konkurransen me er med på no skal me gå ein lengde som tilsvarer jotunheimen rundt og på kartet kan du sjå korleis du flyttar deg framover frå Lærdal over Filefjell, Beitostølen, Galdhøpiggen og så vidare og følgja med korleis me ligg an i forhold til andre bedrifter som er med, seier karane.
Og det er lystig lesing for gjengen i Alversund. Dei er nemleg den 10. mest aktive arbeidsstaden som er med.
Det er ikkje verst, når det er 841 påmeldte arbeidsplassar.

Mange lokale med
Lærarane trur ikkje dei lyg når dei kallar seg Lindås sprekaste skule.
– Denne omgangen vert avslutta 11. april, men me har alt bestemt oss for å melda oss på neste runde også. Då skal me gå ein avstand tilsvarande ein tur frå Hardanger til Trollstigen og me gler oss skikkeleg, seier lærarane.
Og den som studerer listene over deltakarar på nett, ser at Alversund skule langt frå er den einaste lokale namnet som er med.
Ein finn også Modalen kommune, FRAMO, Dalsøyra skule, Knarvik barneskule, Meland kommune (kultur og oppvekst), Coop Modalen og nokre lokale barnehagar på lista. Avisa Strilen har også delteke i to omgangar av konkurransen, men bladfykane i Knarvik ligg heilt nede på 528. plass…


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler