Startar dagen med tur
Atle Isaksen (66) frå Knarvik startar kvar dag med ein tur til Gamleskulen og Stegane.
Endret 03.03.11 09:21
– Vera med til Stegane? Då må du vera klar klokka åtte, seier Atle Isaksen på telefonen.
Strilen har invitert seg sjølv med på morgontur saman med ein av dei alle ivrigaste turgåarane. I 2010 skreiv Isaksen namnet sitt 230 gonger i kvar av dei to turbøkene han passerer på morgonrunden, Gamleskulen og Stegane. Det viser lista som Strilen hadde på trykk tidleg i år.
– Kor mange turar alt i alt? Nei, det hugsar eg ikkje, seier Isaksen, og noterer namn og klokkeslett i boka ved Gamleskulen.
Derifrå går turen oppover bakken der slitne løparar kjenner mjølkesyra banka under Knarvikmila Extrem. Sant å seia er det bratt også utan å ha ei klokke å kjempa mot.
Uansett ver
Isaksen jobba tidlegare ved Gilde sitt anlegg inne i Eidsvåg, men fekk sluttpakke der då slaktinga vart flytta til andre anlegg.
– Det var då det starta. Eg måtte gjera noko for å få skikkeleg døgnrytme, fortel han medan støvlane tek han oppover kneikane innanfor idrettsanlegga i Knarvik.
Rett nok kan han liggja litt meir frampå enn då arbeidsdagen starta klokka sju, men bra tidleg er det no likevel.
– Eg går uansett ver. Når du først har komme i gang med å gå ofte, gjer ikkje veret så mykje.
Med piggar på
I går var veret av den gode sorten, sola steig opp over Osterøy og varma meir og meir undervegs på runden over toppane i Knarvik. Isaksen har trødd stien før utbygginga starta, og svingar inn på ein skogssti like over vegen for sjuarbana.
– Må gå mest mogleg i terrenget, seier han.
Nokre stader kryssar stien over asfalten som ligg i striper i lia oppover, og stikker med nummerskilt vitnar om at utbygginga nærmar seg. Snøen ligg enno hist og her, og nokre stader er det is i sporet. Men med nokre lange steg frå tue til tue, og ein bjørkelegg å halda seg i, kjem ein seg forbi.
– I vinter brukte eg broddar på støvlane for å komma meg fram her, seier 66-åringen.
Fast rute
På veg ned frå Stegane vert me passerte av ein annan morgonfrisk trimmar, Rune Soltvedt frå Knarvik.
– Det er her oppe eg hentar alt overskotet, seier ein smilande Soltvedt, og sprett nedover stien.
– Eg prøver å få fire-fem turar for veka, legg han til.
Og i bøkene som ligg ute viser det namn att frå fleire som har vore tidleg oppe 2. mars. På Stegane var det fleire namn denne morgonen, før Isaksen og journalisten kunne notera seg på.
– Det er nokre faste som eg møter på her oppe, seier Atle Isaksen.
Forbi skøytebana
– Det er ikkje verst å få trena i arbeidstida, seier Isaksen til meg medan me nærmar oss idrettsbana igjen.
Trening i arbeidstida kunne no elles vore noko å ha på fast basis.
– Det hadde sikkert vore bra, særleg i dag når så mange har eit stillesitjande arbeid, seier han.
På veg tilbake passerer me arealet som er sett av til ei eventuell skøytebane i Knarvik. Isaksen er ivrig på skøyter, og har vore trenar i skøytemiljøet i over tretti år. No høyrer han til miljøet ved bana på Slåtthaug i Bergen, men Isaksen er også med i utvalet som jobbar for ei bane i Knarvik.
– Særleg på vinteren er det lite tilbod til dei unge i Knarvik, og då hadde ei skøytebane vore bra, seier han.
Runden frå grasbana og til Gamleskulen og Stegane har teke oss ein time og eit kvarter, i eit passeleg tempo som også ein journalist kan klara.
– Etter ein slik tur så har ein fortent å setja seg i stresslessen, seier Atle Isaksen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





