Trening som gjeld livet
Dametrimmen på Seniorsenteret i Austrheim held helsa i hevd.
Endret 24.08.11 15:33
– Me gler oss kvar gong! seier Ingeborg Minde, kora av Sønneve Hjertaas og Eline Thorsen.
Eline feira nett 80-årsdagen sin og har tatt med seg ein heil yoghurtkaka til trening.
– Ja, me hadde så mykje, seier ho.
– Men du må skriva at me har frukt óg, seier Rigmor Ludvigsen.
Ein gong i månaden kjem fysioterapeut Tora Smith og leiar gruppa gjennom øvingar som skal gi betre uthald, styrke og balanse. Dei tre andre tysdagane er det Rigmor, leiar Frivilligsentralen i Austrheim, som leiar trimgruppa gjennom øvingane ved hjelp av ein CD tre gonger.
– Dette er eit heilt fantastisk tilbod. Me treng dette. Dørstokkmila vert lengre og lengre og å skulle ta den på eige initiativ er ikkje så greitt. Me treng tilbod som dette som gjer at me kjem oss ut og trimmar, seier Eline.
– Det sosiale er og veldig flott, seier Sønneve.
– Om ikkje helsa alltid vert så mykje betre, så vert ho i alle fall dårlegare langsammare, seier Eline.
Helsa inga hindring
Eline joggar kring på golvet, lett på foten og med blikket heva. Fleire har kjent kva effekt trening kan ha, sjølv om ein slit med helsa.
– Det har vore ein oppleving å sjå kor langt ein kan komma når ein strekk seg etter livet, seier Berit Kvamme.
Ho beveger seg ikkje så raskt som dei andre i trimgruppa. Likevel står ho for kanskje den største idrettsprestasjonen kvar tysdag klokka 12.
Sveva mellom liv og død
I 2009 fekk ho hjernebløding. I to veker sat hennar tre born ved sjukesenga medan Berit sveva mellom liv og død. Livet fekk ho behalda, men ho vart avhengig av rullestol fordi eine sida av kroppen vart lamma.
– Men eg sat ikkje så lenge i den, altså, seier Berit med eit glødande smil.
Trening og pågangsmot har vore vegen hennar tilbake til kvardagen. Først, i seks månadar på Nordåstunet i Rådalen, og no, ved hjelp av fysioterapeut og tilbod som dametrimmen på Seniorsenteret i Austrheim.
– Har du fortalt om tangoen? spør Rigmor.
Berit raudmar og smilet vert enno breiare.
Draum i oppfylling
Ein av tinga som tynga Berit då ho var sjuk, var tanken om at no ville ho i alle fall aldri få dansa. Det var noko ho hadde ønskt å begynna med lenge, men aldri fekk tid til. Etter månader med hard trening, troppa ho opp på «Tango for to» på Seniorsenteret. Dansekvelden har dei ein gong i månaden.
– Det var ein stor augneblink for meg å kunna sitja her med eit glas vin i handa, begynner Berit.
– Ja, så må du fortelja at ein ung mann baud deg opp til dans. Og som ho dansa! Og fleire og fleire menn kom for å dansa med ho, avslører Rigmor.
Begge bryt ut i rullande latter.
– Eg har mine tunge stunder, men eg har borna mine i ryggen og livet går vidare. Eg vil oppmoda alle som sliter med helsa til å berre gå på og trena seg tilbake. Eg tenkjer kvar dag på at eg no klarar meg i eiga bustad. Den kjensla er fantastisk, seier ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





