Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Vår = utetrening!

Vår = utetrening!

Del | |

Øystein Aamli og andre sprekingar frå friidrettslaget AKS-77 viser deg korleis ein trener styrke, balanse og uthald i  Aktivitetsløypa i Knarvik. – Dette kan heile familien vera med på! seier Øystein Aamli. 

Publisert 30.06.11 15:41
Endret 30.06.11 15:41

Slik brukar du  aktivitetsløypa i Knarvik

Har du sett på ­apparata i aktivitetsløypa og lurt på korleis du kan utnytta dei? I dag får du svaret. Napp gjerne ut avissidene og prøv sjølv.

 

1 Kroppsheving i bom
– Her har me ein bom for vaksne og ein for born, med stubbar som ein kan bruka til å stiga opp så ein rekk opp til stonga, seier Øystein Aamli.

Andrea Thorsheim (10) klatrar opp og demonstrerer korleis ein gjer det.

Ein kan sjølv tilpassa kor tungt dette skal vera ved å velja mellom å hengja, løfta seg halvvegs opp, eller løfta seg opp til haka er over stonga. Repetér så mange gonger du klarar.

2 Turnstenger
– På turnstengene er det berre å slå seg laus. Ver kreativ og snurr deg rundt, heng på stonga eller kva du måtte ønskja, seier Øystein.

3 stubbane
Desse er flotte til å trena styrke og uthald i beina, samtidig som ein trenar balanse og koordinasjon.

– Her kan ein løpa opp og ned eller hoppa med samla bein, seier Øystein.

Elida Svellingen Svendsen (10) tar sats og viser korleis ein gjer det.

4 Treningsvegg
Gamlisane (dei over 20 år) i gruppa har ikkje før komme seg frå stubbane før dei yngste sit i toppen av treningsveggen, klar til dyst.

– Denne treningsveggen er flott til å hengja og trena magen, seier Øystein.

Thale Sæterstøl (11) og Emma Sletten Hansen (11) viser at det kan gjerast med bøygde kne, eller strake bein, alt etter korleis start-formen er.

Som alle apparata, kan også dette brukast til mange ulike øvingar.

 

Står ein på tå på ein av plankane i veggen, og løftar seg opp og ned, trenar ein leggene.

– Eller kva med dette? seier Ørjan Svendsen og imponerar sjølv dei ivrigste borna med eit opp-ned triks. Borna lærar raskt og kort tid etter heng dei opp ned frå veggen. Thale viser deg korleis du gjer det steg for steg: Sjå her:

Bøy hovudet, len deg mot veggen og fest tak med armane i ein av plankane i veggen. Vipp beina opp mot veggen, utan å missa balansen. Nyt synet av fugl og fisk i Lonane frå eit nytt perspektiv.

5 Bom

Bommen, som ligg like ved trappa, er eit anna multividunder av eit treningsverktøy. Sikksakkhopping er kanskje det mest innlysande, men Øystein har fleire forslag.

– Her kan me ha hanekamp. Me treng to personar på bommen, som held kvarandre i hendene, seier Øystein.

Andrea og Emma stiller seg opp.

– Når eg gir klarsignal, så er det om å gjera å pressa motstandaren ut av balanse, slik at ho faller av. Kjør på! seier Øystein og kampen er i gong.

– Og så kan ein hoppa to og to saman, seier Helge Brekke som har komme seg ut i løypa.

Sofie Kristing Gundersen (9 1/2) og Elida viser korleis.

6 Trappa
I trappa, kan ein løpa opp og ned, hoppa opp og ned (med eller utan samla bein), eller ein kan hoppa med armane nedi.

– Her får ein trena opp spensten, seier Øystein.

Linnea Thorsheim (8) hoppar seg til topps utan problem.

7 Skranken
Skranken har to storleikar, ein til vaksne og ein til born.

Sofie hiv seg utpå med armgang, medan Ørjan friskar opp at svinginga frå sine turndagar. Øystein demonstrerar korleis ein kan trena armane med armhevingar i barneskranken, men gir seg snart med eit smil og eit lidande blikk.

– Det er godt eg har bein å springa på, flirar han.

8 Klatrestolpane
– Her kan ein velja mellom to stolpar, der den eine har færre fotfestestader enn den andre, seier Øystein.

Jentene er alt i toppen og skodar triumferande utover horisonten. Vel fortent!

 

Styrk deg!

– Folk må verta sterkare, seier Helge Brekke.

– Muskelstyrken blant ungdom, og andre, i dag er for dårleg, seier Helge Brekke.

Han håper folk vil trena meir i apparata når dei tar turen ut i løypa.

– I gamle dagar var det snakk om kor mange kroppshevingar ein kunne ta i bommen. Så vart det kor mange halve kroppshevingar ein kunne ta. Så vart det om å gjera å sjå kor lenge ein kunne hengja. No er det så vidt ungdommane klarar det eingong.

Sjølv har han ingen problem med å visa korleis kroppshevingar skal gjerast. Han håpar fleire vil forstå nytten og gleda av å ha styrke i kvardagen.

– Mange i dag har så lite muskelstyrke at dei ikkje orkar å stå i jobb, seier han.

Aktivitetsløypa ved Knarvik stadion, eller «Brekkeløypa» som mange kallar ho, vert drifta av friidrettsklubben AKS-77. Dette kostar dei kring 40 000 kroner i året.

– Det er ein del av profilen til klubben at me skal gi tilbake til nærmiljøet og me har planer om fleire slike tiltak framover, seier Brekke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler