Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Vinn mot den usunne sirkelen

Vinn mot den usunne sirkelen

Del | |

Kim Bjarte Namtveit (28) har trent av seg 30 kilo sidan han lærte å prioritera seg sjølv.

Publisert 24.08.11 15:44
Endret 24.08.11 15:43

– Eg hadde komme inn i ein vond sirkel som var vanskeleg for meg, og ekstremt vanskeleg å komma seg ut av åleine, seier Kim Bjarte.

Han er bussjåfør, ein jobb som er mentalt krevjande og har arbeidstider der ein jobbar både seint og tidleg.

– Eg var mental trøytt når eg kom heim og orka ikkje å trena. Når du ikkje trener, vert du trøytt. Slik var sirkelen og eg gjekk opp i vekt. Så kom eg til eit punkt der eg var lei av tinga slik dei var. Eg måtte ta fatt i problema.

– Ukjent og skummelt

Kim Bjarte såg resultata eit familiemedlem hadde hatt gjennom livsstilsprogrammet Xtravaganza på Studio Nor i Knarvik.

– Det var ukjent og skummelt, men vanskelig å finna motivasjon til å endra på dette åleine.

Han kom på gruppemøte, hadde individuelle møte med ein kvalifisert helsekonsulent, lærte mykje nytt om mat, trena jamleg og åt pulvermåltid tre gonger om dagen i ti veker. Resultata let ikkje venta på seg.

Mykje ned

I løpet av dei 10 første vekene med pulvermat og trening gjekk Kim Bjarte ned over 30 kilo. Lågkarbodietten gjorde at kroppen gjekk inn i ein tilstand kalla ketose, der kroppen hovudsakleg brukar fett til sitt energibehov. Muskelmassen vart på denne måten ikkje redusert, slik han ville vorte gjennom å fasta. Etter ti veker kom Kim Bjarte til eit punkt der han ville ha «ordentlig» mat.

– Eg burde kanskje klart pulverkuren litt til, men ein vert slapp av å berre leva på pulver, seier Kim Bjarte.

I dag skal han møta helsekonsulenten som har følgt han sidan starten, Mona Floen Husebø, for samtale og helseanalyse.

Sanninga i prosent

– Me begynner med måling, seier Mona.

– Uff da, glipp det frå Kim Bjarte.

Han har gått litt opp at sidan det store vekttapet, men håpar det er musklar.

Han stig opp på målaren, som på eit blunk har analysert han frå topp til tå i prosent og kilo. Mona noterer ned kor mange prosent av bussjåføren som er vatn, skjelett, muskelmasse, fett.

– Denne kjensla hadde eg sist på jobbintervju, seier Kim Bjarte, som forutan Mona sitt kvalifiserte blikk, har med seg Strilen-lesarane på dette sanningens augneblink.

Beinhard utfordring

– Vekten har auka bittelitt og det har feittprosenten óg, men det er heilt vanleg å ha ein bølgjedal etter eit så stort vekttap som du har hatt, seier Mona.

– No må du vera beinhard på å ikkje falla tilbake. Det er den store utfordringa, seier ho.

Kim Bjarte valde å følgja Xtravaganza nettopp fordi dei vil støtta og følgja han gjennom denne tøffe etterpå-tida.

– Ein kan alltid bestilla pulverkurar på nettet, men det er ikkje ei heil løysing. Her slepp dei deg ikkje, men følgjer deg i minst eitt år eller to etterpå, seier Kim Bjarte.

– Det betyr mykje at eit anna menneske ser din fram- eller tilbakegang og bryr seg om prosessen du er inne i. Og som kan gi råd, seier han.

Det er det som skal skje på dagens møte.

Har dreisen på treninga

– Kjenner du på endorfinane? spør Mona.

– Ja, absolutt. Eg har ei fantastisk kjensle etter trening. Det er ikkje meir gøy å gå på trening, men det er lettare å stå opp no. Sjølv om det er tidlig, har eg ei lett kjensle i kroppen. I jobben min vert du mentalt sliten, men det å komma seg på trening gjer at ein får skifta fokus frå knollen til det fysiske.

Kim Bjarte trener tre gonger i veka i tre timar kvar gong, og går ofte på tur i fjella i Knarvik. Han vurderer å gjera noko meir, men er ikkje sikker.

– Eg synest du trener nok. Restitusjon er veldig viktig, seier Mona.

Ho har hatt fleire folk som får treningskick når dei begynner å endra livsstilen sin, og trener mykje kvar dag. Når ferien kjem, og dei ligg pladask i Syden ei veke, kjem dei att med meir muskelmasse enn om dei hadde trena.

– Då har kroppen deira fått henta seg inn att i pausen. Korleis går det med måltida? spør Mona.

Utfordrande balansegang

– Når eg ser tilbake på det, så var ti veker med pulver eigentleg ganske lett. Å kutta ut alt godt, ville nok gått bra óg, men det fungerer ikkje for meg i lengda. Er det ikkje godt å eta, er det ingen vits å eta det, synest eg. Det er å finna balansegangen som er vanskelig, seier Kim Bjarte.

Kvar dag et han tre måltid og to pulvershaker. Kvart måltid består av ein knyttneve kjøt, ein halv tallerken grønsaker, og ein kvart del byggris eller ei anna fiberrik energikjelde. Han varierer måltida mellom torsk, laks, kylling, kalkun og mange ulike krydder og tilbehør.

Det vanskelege vatnet

– Det er freistingane utanom som er det største problemet no, seier Kim Bjarte.

Han har komme langt frå dei dagane då han drakk 1 – 3 liter brus, men har ikkje heilt vorte vant med vatn.

– Det er lett å tenka at eit glas brus kanskje berre renn rett gjennom når ein har vore på trening i fleire timar, men eg må tenka på at det hindrar framgangen. Eg øydelegg for meg sjølv om eg gjer det, seier Kim Bjarte.

– Det er ein fantastisk god tankegang. Å vri på vaner er det vanskeligaste me gjer, men du veit kva som er bra for deg. Det gjeld berre å følgja det opp i praksis, støttar Mona.

– Klarer du å setja bort ei tallerken med mat når du kjenner at du er mett? spør ho.

– Veit ikkje heilt, men eg har lært meg å laga passe mengder mat, slik at eg ikkje treng å eta opp for borna i Afrika.

Må læra å nyta

Xtravaganza handlar om å prioritera rett. Å nyta livet med stil, samtidig som ein lærer å ønskja å gjera det som er sunt for kroppen. Å finna løysingar som varer livet ut. Ein lærar å setja av tid til seg sjølv og gjera det ein har lyst til.

– Bedrifter legg strategi for å få til betre resultat. Det er det same me gjer. Ein må læra seg å nyta. Dette er ein faktor som er veldig viktig, men me ser at det er vanskelig for mange. Mange har dårleg samvit for alt dei gjer. Ta eit val, og ta det med stil, seier Mona.

Eit av virkemidla er motiverande cd-plater.

Får det inn i hovudet

– «Tida til trening er berre din og har høgast prioritet», Kim Bjarte siterer damestemma frå cd-en han har lytta til.

– Ja, bra at du har vorte litt hjernevaska, ler Mona.

– Før var jobben det som alt anna i livet vart planlagt omkring. No har eg meir fokus på meg sjølv, og det å ha det bra.

Ho gir han ein ny cd og ei kursbok som gjeld for det neste året. Det handlar om å halda vekta, ikkje venda tilbake til gamle vaner, og om å gjera livsstilsendringane livsvarige.

– Eg gler meg til å kunna dela erfaringar med andre som går gjennom det same som meg. Dette er ein bijobb, men det er godt å bryta sirkelen og begynna på noko nytt, seier Kim Bjarte.

FAKTA: LIVSSTILSPROGRAMMET XTRAVAGANZA

* Ein svensk franchiseverksemd som jobbar med vektreduksjon.

* Har tre program: Jamnvektstrening for dei som skal ned 0 – 10 kilo. Intensivprogram for dei som skal ned 10 – 20 kilo, og eit 26-vekers grunnprogram for dei som skal ned 20 kilo eller meir. Desse vert etterfølgd av eitt eller to år med programmet Lifetime, der ein fokuserar på å halda vekta og livsstilen.

* Programma er bygd opp rundt fire leiarstjerner: Mental Trening, Mental Næring, God Energi og Bevegelsesglede.

* Sprek og Blid, Studio Nor i Knarvik er ein av meir enn 150 plassar i Norden der ein finn Xtravaganza.

Kjelde: Xtravaganza.no


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler