Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 
Skal du komma i form i 2011?
 
Yt meir med musikk på trening

Yt meir med musikk på trening

Del | |

Flytsona er det nærmaste du kjem treningsnirvana i dette livet. Linn-Therese (i grøn t-skjorte) er der to gonger i veka.

Publisert 24.08.11 14:58
Endret 24.08.11 14:58

Zumbafeber har vore like vanleg som omgangssjuke dei siste åra. Noko må det vera i det, sidan alle frå barnehageborn til eldre dreg på trening og vrikkar laus som om dei hadde Ricky Martin i underbuksa.

Linn-Therese Seljelid Vabø er ein av mange som gjer dette fast. To gonger i veka dreg ho til Helseklubb1 på Lindås senter, og let treningslukka strøyma på.

Kjemien stemmar

Heilt ulogisk er det ikkje. Finn musikk du liker, la kroppen produsera endorfinar gjennom trening og la deg rusa av det heile til du ikkje lengre er medviten om verkande musklar og tung pust. Men det er altså bevist at musikk får deg dit raskare, enn om du trenar utan.

Aktiv-redaksjonen er alltid på jakt etter meir treningslukke, så me vart med Linn-Therese på trening. Instruktør, Audhild Kolås, smiler berre enno breiare når bladfyken avslører at dette er nytt territorium.

Charleston og reggae

– Me startar med litt sånn gresk samba magedans og så har me ei overrasking sidan, seier ho optimistisk til dei kring ti som har komme på ein våt sommarsdag.

Sjølv har tanken om sveitte øyreproppar alltid stoppa meg frå å ta med meg musikk på trening. Dessutan skal det ikkje vera så bra å ha musikken rett inn i øyra, så eg har nesten eit prinsipielt forbod. Desto betre er det då å komma på trening der alle må høra på musikk der tempoet heng i hop med det ein skal gjera.

Ikkje at det eg gjer heng i hop med musikken heile tida.

I alle fall ikkje når me går over til ein charleston med reggae og salsa. Ja, alt i ein dans.

Luftgitar og sting

Notatane på blokka frå denne dansen er «lufttrommer. luftgitar. sting».

Men det var faktisk den kjekkaste dansen av dei alle.

Kor mange dansar Audhild drilla damene i, for det var berre damene som møtte denne dagen, har Strilen ikkje klart å telja, men det var ikkje tid til å kjeda seg.

Ikkje ante eg at eg var sliten, heller, før stinget kom. Og det vart fort gløymt.

Audhild avsluttar med overraskinga. I ei treningsform som har krav om minst 70 prosent latinamerikansk musikk, kjører ho på med Rihanna.

– Syng med! «I like it like it come on, come on, come on» Audhild syng og smiler.

Det gjer dei andre i salen óg.

Finn flytsona og prestér meir

«Flyt» kallar ekspertane det, når ein oppnår endra medvit under trening, der kroppen tilsynelatande går på autopilot og ein er lite klar over strevet ein utset seg for. Dette er ei transeliknande, nærast hypnotisk oppleving. Finn du flyten på trening, reknar forskarar at ein har ein nært optimal psykologisk tilstand som gir heilhjerta glede og innleving i den fysiske aktiviteten ein driv med.

– Nesten religiøst

– Mange opplever zumba nesten som noko religiøst, seier Line Elisabeth Nilsen Seljelid, som driv og eig Helseklubb 1 på Lindås senter.

– Musikk er ein sentral del av den magiske formelen. Mange har site mykje heime. Det å få komma ut og dansa, utan å måtta visa seg fram, er veldig motiverande. Mange seier at det har endra liva deira. Zumba gir sosial glede og motiverar til meir energi, seier Line Elisabeth.

– Å trena utan musikk er som å stå på eit stille dansegolv, seier Linn-Therese, som veit kva ho føretrekker.

Kanskje det er flyten det, då, tenker bladfyken. Nyfrelst.

FAKTA: MUSIKK OG SPORT

* Musikk kan lura hjernen til å tru at du er mindre sliten enn du er. Musikken styrar tankane bort frå opplevinga av å vera sliten ved at han får ein i godt humør.

* Musikk kan hissa ein opp eller roa ein ned. Slik kan musikken stimulera til innsats før dyst, eller roa ned nervane til spente idrettsutøvarar.

* Likskapen mellom kroppen sine rørsler og rytmen i musikk, gjer at ein yter meir. Gjentekne studie viser at treningsinnsatsen aukar når ein synkroniserar øvingane ein gjer med musikk.

* Rytme i musikk kan etterlikna eller gi assosiasjonar til fysiske evner. Slik skaper musikk eit godt læremiljø, som kan bidra til å betra motoriske evner. Studie frå sportsgymnastikk og symjing har vist at dette verker.

Kjelde:  Studiar av professor og sportspsykolog Costas Karageorghis og kollegaer ved Brunel University.

Slik vel du rett musikk:

* Variert musikk vil halda deg interessert i aktiviteten du driv med.

* Lydnivået på musikken bør ikkje verta overdøyva av aktiviteten du driv med.

* Dersom du synkroniserer musikken med øvingar, bør musikktempoet passa med arbeidstempoet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler