Strilen / Beste / Aktivitetsløypa - Knarvik sitt svar på Central Park
Brukernavn 
Passord 
 
Aktivitetsløypa - Knarvik sitt svar på Central Park

Aktivitetsløypa - Knarvik sitt svar på Central Park

Del | |

New York har sin Central Park, men Knarvik har Aktivitetsløypa og vel så det.

Publisert 13.05.11 15:31
Endret 13.05.11 16:15

Kommune: Lindås

Tid: 15 minutt med rask gange.
Rute: Du kan komme inn på løypa ved parkeringsplassen bak Knarvik stadion, eller du kan begynna i andre enden av løypa, bak Juvikstølen barnehage.
Eigna for: Alle, inklusiv rullestolbrukarar og barnevogner.

Løypa er lett tilgjengeleg frå parkeringsplassen bak Knarvik stadion og eignar seg for dei fleste og til det meste.

Godt underlag
Underlaget er fin grus, som er godt anten ein skal springa hardt, trilla poden i søvn i barnevogna eller berre tusla seg ein kveldstur.

At løypa er så flat, gjer at sjølv dei med vonde bein kan ta turen, og kvila seg på benkane innimellom.

Er du av ein travlare type, kan du sjå ta tida på deg sjølv på ulike distanser som er merka med skilt.

 Ein sentral oase
Løypa, går i ei sløyfe rundt Lonane, eit myr- og våtmarksområde som er heim til fugl og fisk.

Harry Skjelvik nominerte løypa, der han går tur kvar dag.

– Naturen er så flott og det er fint at ein kan sjå litt liv rundt løypa. Gatelys gjer at ein kan bruka løypa kveld som dag.

Her kan ein mata endene og ta seg ein pust i bakken, seier Skjelvik.

Dei siste vintrane er det også mange som har gått på ski her.

– Dette er ein flott løype for dei som gjerne ikkje har helse til å gå i fjellet eller i bratte bakkar.

Det einaste minuset er hundeskiten. Så eg oppfordrar alle hundeeigarar til å ta med pose og plukka opp! seier Skjelvik.

 Apparat for dei leikne
– Apparata er det kjekkaste med heile løypa, sa Katrine Kjeka (10) då Strilen var med AKS-77 på opplæring i apparata i førre veke.

Men apparata er like godt eigna for vaksne som for born. Her kan ein trena styrke, uthald og balanse utan å betala ei krone.

At apparata ligg langs løypa betyr at menneske med ulike funksjonsevne, eller ønskje, kan gå tur i lag og samtidig få ulike ting ut av turen.

– Me har teljingar som viser at det er langt over 500 menneske som brukar løypa på utferdsdagar, og rundt 400 på vanlege dagar, seier Helge Brekke.

Løypa vart opna i oktober 2006 takket vera midlar frå Knarvikmila og næringslivet lokalt.

Friidrettsklubben AKS-77 har jobben med å drifta og vedlikehalda løypa, noko som kostar dei 40.000 i året, men som dei ser som eit viktig ledd i deira samfunnsengasjement.

– Me håper folk vil bruka løypa og apparata til å verta sterkare og friskare kvar dag, seier Brekke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler