Arnold Tveit
Allroundpolitikar frå Meland
Arnold Tveit er eit kjent ansikt i Meland og det er ikkje så rart. Ein vert litt kjendis når ein har kjørt buss i Nordhordland sidan 1972 og engasjert seg i lokalpolitikken størsteparten av livet.
Endret 17.09.11 13:21
• Født: 1949
• Kjem frå: Holme
• Partitilknyting: Senterpartiet
«Han er ein aktiv politikar med ei unik evne til innsikt i politiske saker. Han har ofte vore sentral når lokalpolitikarane har diskutert vanskelege saker og han har evna til å sjå sakene frå fleire sider», heiter det i ein nominasjon som Strilen har fått. Og med over 40 år fartstid i lokalpolitikken har Arnold Tveit vore med på litt av kvart.
– Me har tatt mange vanskelege val. Det er ikkje alltid så lett å vera lokalpolitikar, men eg føler det er viktig at nokon engasjerer seg. Eg har alltid hatt lett for å engasjera meg, seier Arnold.
Han var vel 20 år gamal då han vart med i Senterpartiet, og det gjekk ikkje lange tida før han kom med i styr og stell.
– Då eg var 22 år kom eg inn i edruskapsnemnda og sidan vart det mange ulike nemnder og utval. Dei har bytta litt namn gjennom åra, men eg har no vore innom utval for teknisk/brann, helse og sosial, administrasjonsutvalet og formannskapet. Til saman har eg site 16 år som hovudutvalsleiar.
– Er det spesielle saker som har engasjert deg?
– Å, det er mykje. Det meste eigentleg. Eg er vel det du på godt nynorsk kan kalla ein «allround-politikar». Men det er klart ein gjerne engasjerer seg litt etter kva fase i livet ein sjølv er. Då eg var yngre, engasjerte eg meg veldig i saker om barnehage og skular. Eg har også engasjert meg spesielt i saker innan samferdsle. Det har eg jo ein del kjennskap til gjennom yrket mitt, seier Arnold, som inntil nyleg sat i kommunestyret.
– Eg er ikkje inne i det nye kommunestyret, men eg synest det har vore veldig spennande å vera med der og har likt det godt. Den siste perioden var eg også gruppeleiar for Senterpartiet og det har også vore veldig kjekt, seier Arnold. Etter så mange år i politikken, opplever han gjerne at folk tek kontakt og vil prata litt politikk både når han fartar rundt som bussjåfør og elles når dei møter på han.
– Det synest eg berre er kjekt. Eg likar å prata politikk og eg synest det er viktig at ein politikar tek seg tid til å lytta til kva folk seier. Du må lika å prata og ha kontakt med folk og det gjer eg absolutt. Eg synest også det er viktig å vera løysingsorientert og eg prøver alltid å vera bevisst på å sjå dei ulike sidene ved ei sak. Det meiner eg er viktig for at ein skal klara å finna gode løysingar, seier Arnold Tveit.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





