Strilen / Beste / «Alt hva fruen ønsker»
Brukernavn 
Passord 
 
«Alt hva fruen ønsker»

Karina Design og Agenturer AS:

«Alt hva fruen ønsker»

Del | |

– Tenkjer du på ei gåve, så vil du finna noko her for alle anledningar, reklamerer Karen M. Sleire om butikken ho driv på Hosteland i Masfjorden.?

Publisert 17.02.11 11:49
Endret 17.02.11 12:45

Karina Design og Agenturer AS, Hosteland
•    Opna: Verkstad 18. april 1982. Ny butikk 19. sept. 2008
•    Dagleg leiar: Karen Margrethe Sleire
•    Tilsette: Tre
•    Butikktype: Gullsmed ++

Då ho starta gullsmedverkstaden sin i 1982, hadde ho ingen planar om å opna butikk. Men då ho likevel gjorde det nokre år seinare, hadde ho aldri trudd det skulle gå så bra som det har gjort. Og ho har ikkje angra eit sekund.

– Det var jo då eg vart kjend med folk i Masfjorden, og dei har aldri svikta meg, seier ho. Det har heller ikkje alle hyttefolka, campingplassfolka og alle som kjem både frå Lindås, Austrheim og Radøy for å handla. For å halda på dei faste kundane, legg ho mykje arbeid ned i å fornya seg heile tida. Det synest ho dei har fortent.

– Finn folk dei same varene i butikken heile tida, så vert det jo ikkje spennande å koma hit, seier ho.

– Korleis reagerer kundane første gongen dei besøkjer butikken?

– Dei vert veldig overraska og gjev uttrykk for at dei ikkje ventar å finna ein sånn butikk i Masfjorden. Andre vert endå meir forfjamsa fordi dei trur me berre har bunadsølv.

– Og seinare?

– Då kjem dei att gong på gong og er berre kjempepositive. Det er det som driv meg, seier ho.

Dei to siste åra, har ho hatt nesten 200 kvadratmeter å boltra seg på. Dermed har ein kaffibar også fått plass blant gullsmedprodukt, pyntegjenstandar, blomar og mykje anna spennande. Vegg i vegg har ho innreia ein liten slipeverkstad der ho kan jobba medan ho passar butikken, samstundes som kundane kan sjå korleis ho arbeider.

Butikken er det Else Langøy som har ansvaret for, medan Karen sjølv og Bente Halsvik for det meste held seg i verkstaden. Der produserer dei blant anna sølv til bergensbunaden, som Karen sin far designa i 1975. Sølvet blir seld komplett til alle gullsmedforretningane i heile landet.

Totalt produserer Karen rundt 45 ulike produkt som ho sel angro, direkte og på nettbutikken som amerikanarane brukar mykje. Blant desse er smykke­anheng og øyredobbar med bunadsølvblad som amerikanarane er heilt tussete etter fordi det er norsk, fortel ho. Desse lauvsmykka har ho ikkje sett nokon annan stad og reknar med ho er åleine om. Snart skal ho få ei norsk nettside også, fortel ho.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler