Strilen / Beste / Badestranda på Mo
Brukernavn 
Passord 
 
Badestranda på Mo

Badestranda på Mo

Del | |

Badestranda på Mo er godt synleg der den ligg med kvit og fin skjelsand, og omgitt av grøn mark pyntar den opp i bygda.

Publisert 15.07.11 18:17
Endret 18.07.11 10:19

* Stad: Ligg sentralt og lett synleg i Mo i Modalen. * Type: Tilrettelagt badeplass.

Mange har merka seg denne fine stranda. Skjelsanden er henta utanbygds frå, og mange turistar som kjem hit har høyrt rykte om at den er flydd inn frå eksotiske strøk. Det er ikkje sant, men det er jo ein god historie då, ler folk som Strilen har prata med. Men sjølv om sanden ikkje er så eksklusiv som nokon vil ha det til, er det ein badeplass vel verd eit besøk. Badeplassen er markert med gule bøyer, slik at ikkje båtar skal koma for nært dei badande. Sidan stranda ligg midt i bygda er det kort veg til toalett, butikk, restaurant og andre tilbod som ein kan nytta seg av. Sommarstid er det mange som tek sjøvegen til Modalen, og båtgjestane vert godt mottatt og kan nytta seg av ei fin gjestebryggje.

– Det einaste me ikkje kan skryta av, er badetemperaturen. Det er ganske friskt i sjøen her, men det er jo ei oppleving i seg sjølv, seier ein tilsett i Mo kommune. Og det er kommunen som tek seg av vedlikehaldet av stranda, som vart laga i 1996.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler