Strilen / Beste / Betrar livskvaliteten for dei eldre
Brukernavn 
Passord 
 
Betrar livskvaliteten for dei eldre

Lindåstunets venner

Betrar livskvaliteten for dei eldre

Del | |


Intensjonen til Lindåstunets venner er å gjera kvardagane positive både for dei som bur i kortare eller lengre tid på Lindåstunet, og dei som kjem på dagsenteret.

Publisert 17.03.11 22:10
Endret 17.03.11 21:50

•    Starta: I 2004
•    Held til: På Lindås
•    Medlemer: 60, nesten alle pensjonistar
•    Aktivitet: Avlasting for eldre


Difor kvir ikkje Lindåstunets venner seg for å stilla opp verken som gartnar, sjåfør, kokk, rekneskapsførar, malar eller turarrangør.

– Utan frivillige hadde ikkje Lindåstunet eksistert. Me kunne aldri klart å driva tilbodet utan, seier dagleg leiar ved Lindåstunet, Laila Seilfaldet Pletten.

At nokon har nominert Lindåstunets venner som ein av kandidatane til Nordhordlands beste lag/organisasjon synest ho difor er vel fortent.

– Dei gjer ein heilt fantastisk jobb og fortener all den gode omtalen dei kan få, seier ho.

Lindåstunet er eit privat avlastingstilbod for eldre med plass til 12 bebuarar, dei fleste av desse med mykje nedsett funksjonsevne. I tillegg er der 20-30 dagbrukarar kvar veke. Desse kjem frå stort sett heile Lindås kommune. For dei fleste av dagbrukarane er dette det einaste tilbodet dei kan vera med på i løpet av veka, difor har det mykje å seia for den enkelte at dei kan komma seg ut og delta på dette. Aktivitetane på Lindåstunet er i vesentlig grad med på å betra livskvaliteten til desse brukarane.

Lindåstunets vener har fungert som ei uformell støtteforeining heilt sidan tunet starta i 2004. Men i fjor bestemte dei seg for å organisera seg formelt blant anna på grunn av ordninga med Grasrotandelen, fortel styreformann Ove Jan Paulsen.

Også han synest det er kjempeflott at nokon har nominert foreininga deira.

– Personleg synest me at det er givande å driva eldreomsorg fordi me får utruleg positive tilbakemeldingar både frå bebuarar og pårørande. I tillegg får me god støtte frå norsk pensjonistforbund og Norges hagelag. Men ingenting kjem av seg sjølv i denne sektoren, seier Paulsen.

I 2007 fekk dei «Eldsjelprisen» våren 2007 i kategorien «Humanitært arbeid».

Dei første åra blei det lagt ned om lag 13.000 dugnadstimar årleg ved Lindåstunet. Dei fleste av desse timane blei ­utført av frivillige som sjølv er pen­sjo­nistar.

Sidan tiltaket er privat, har det ikkje vore basert på noko offentleg støtte. Men dei to siste åra har Lindåstunet fått økonomisk frå kommunen.
No utgjer det frivillige arbeidet ved Lindåstunet i overkant av 3 årsverk.

Blant oppgåvene dei frivillige tek seg av, kan nemnast henting og bringing av dagpasientar, matlaging, supplering av kvelds- og helgevakter, vedlikehald av parkanlegget, maling og anna ved­like­hald og administrasjon. I tillegg er det dei frivillige som tek seg av underhaldning, kultur og arrangering av turar for dei eldre.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler