Bjørn West-museet
Stad: Matre
Type attraksjon: Museum
Endret 17.08.11 17:19
– Beste turistattraksjon i Nordhordland er utan tvil Bjørn West-museet på Matre, skriv Arne Berg engasjert i grunngjevinga for å nominera museet.
Bjørn West museet på Matre viser motstandsrørsla sitt arbeid under 2. verdskrig. Bjørn West var ein av fleire Milorg-baser i det okkuperte Noreg under 2. verdskrig.
I oktober 1944 kom det folk over frå kompani Linge i England, som oppretta ei avdeling bak fiendelinjene. Motstandsgruppa Bjørn West, som mange ungdommar slutta seg til, var direkte underlagt Forsvarets Overkommando i London. Vinteren 1944/45 heldt dei seg i fjella sørvest for Masfjorden, mellom Andvik og Stussdalssetra, men etter eit tysk angrep 8. april samla dei seg i fjella aust for Matre, med hovudkvarter i Stordalen fjellstove. Våren 1945 talde gruppa 234 mann, som snart skulle komma i open kamp med tyskarane i Matre-fjella.
– Museet fortel ein lokal historie som angår heile Nordhordland og har eit internasjonalt bakteppe frå 2. verdskrig, seier Arne Berg.
Museet brukar bilete, biletspel, tekst, film og intervju med enkelte som var med, for å gi besøkande eit innblikk i geriljagruppa i kvardag og krig. Museet informerer om tilhøva som soldatane levde under, om slitet med å få fram forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og matmangel, samt problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral.
– Ein får høra personlege historier knytte til dei siste kampane i Europa under krigen, seier Berg.
Han anbefaler historisk bilvandring til Stordalen Fjellstove, for å komma nærare historia, eller aller helst, å ta ein tur i «Bjørn West sine fotspor».
30 tyskarar og 200 russiske krigsfangar haldt til på Matre under krigen, for å skaffa sand til utbygging av tyske festningsverk. Museet ligg i eit bygg der tyskarane hadde vaktstasjon under krigen. Folk frå gardane Stordalen og Fosse måtte passera her når dei skulle til Matre, og mykje av forsyningane til Bjørn West vart førte framom denne kontrollposten.
Historia til Bjørn West-styrken er også synleggjort med informasjonsskilt som er sett opp ulike stader i Stordalen og resten av området der det var trefningar med tyskarane og andre hendingar.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





