Strilen / Beste / Bunnpris til topps!
Brukernavn 
Passord 
 
Bunnpris til topps!

Bunnpris til topps!

Del | |

I går vart 17. mai-flagga henta fram hjå Bunnpris i Bøvågen, som Strilen sine lesarar har kåra til i Nordhordlands beste butikk.

Publisert 02.03.11 18:50
Endret 02.03.11 18:50

– Dette var gøy. Me har dei desidert beste kundane i Nordhordland. utbraut Frode Myking hjå Bunnpris onsdag føre­middag.

Då fekk han og resten av staben fått diplom og blomsterbukett for topp-plass i Strilen si februar-kåring i samband med avisa sitt 50-årsjubileum.
I morgon og laurdag vil butikken takka kundane med kake og kaffi heile dagen.

– Tok av
– Me hadde ikkje heilt trudd at me kunne vinna denne konkurransen, spesielt ikkje sidan to store matbutikkar i Knarvik og på Ikenberget også var med. Men etter kvart vart det spennande, og me kom opp i leiiinga. Me merka eit sterkt engasjement ikkje berre blant kundar, men også elles på Radøy, seier Myking.

I alt åtte butikkar var med i konkurransen på Strilen sine nettsider. Etterkvart som stemmene kom, viste det seg at dei fire matvarebutikkane som var med tok leiinga. Likevel sikra også dei andre butikkane seg bra med stemmer. Blant anna kunne ElleMelle i Mastrevik notera seg 309 stemmer. Det kvalifiserer også til litt heiderleg omtale.

Myking reknar med at alle stemmene på deira butikk, skuldast litt same lokale patriot­ismen som viste seg då Pernille­kaféen på Fedje vart kåra til «Beste spiseplass» i januar.

– Barnebarnet mitt Sivert kom inn ein dag og spurte om eg hadde vore inne på datamaskina og stemt på Bunnpris. Det hadde eg ikkje, men han ordna mi stemme, fortel mangeårig kunde Borghild Mjøs, som handla ei smikkfull handlevogn då Strilen var innom i går føremiddag.

Også Helga Håland var på handel og fekk med seg prisoverrekkinga til butikken, sjølv om ho ikkje er på data og dermed ikkje hadde stemt.

Stolt!
Dagleg leiar Frode Myking legg ikkje skjul på at kåringa engasjerte også han:

– Eg måtte inn på nettsida til Strilen kvar kveld og sjekka status. Også når me i butikken kom andre stader, merka me at folk var spente på korleis det gjekk med oss, seier han.

Myking legg heller ikkje skjul på at han er stolt over heideren. Så diplomen frå Strilen skal få ein synleg plass, sjølv om det måtte gå på bekostning av diplomar for Lotto-vinnarar!

– Berre ein veg
Myking opplyser at butikken i dag har kring seks årsverk, fordelt på 14 tilsette. Han har sjølv vore på butikken i 15 år, men fleire har endå lengre fartstid. Margunn Marøy Mjøs har vore med heilt frå starten i 1980. Etter at butikken vart med i Bunnpris i januar 2010 har drifta gått rett veg. Då fekk heile butikken ei total ansiktsløfting, blant anna med nye frysarar og hyller, opplyser Myking.

– Og på ein slik stad har de vel mange trufaste kundar?

– Ja, utan tvil. Men folk har bil og er mobile, så ei positiv utvikling er ikkje sjølvsagt. Noko rett må me gjera rett når kundane stemmer oss fram slik. Omsetninga peikar jamnt opp­over, og me reknar med å passera 20 millionar kroner i 2011, seier Frode Myking.

 

Stemmetala vart slik:

•    Bok og Media    91
•    Heilt Originalt    246
•    Karina design og agenturer    110
•    Elle Melle    309
•    Kiwi Ikenberget    419
•    Bunnpris Bøvågen    688
•    Rema 1000 Knarvik    483
•    Hjelmås Handelslag    314

Sluttavstemming er kontrollert og stadfesta korrekt frå avisa sin nettleverandør.
I alt 2.660 godkjende stemmer


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler