Bok og media, Frekhaug:
Butikk med ein bodskap
I bokhandelen på Frekhaug får du alt frå romanar og kokebøker, til gospelmusikk, smykkesteinar og garn.
Endret 17.02.11 12:44
Bok og media, Frekhaug
• Opna: 2009
• Tilsette: 4
• Butikktype: Bokhandel med musikk og hobbyavdeling
– Me er først og fremst ein kristen bokhandel som sel musikk, men så har me i tillegg ein hobbyavdeling frå Panduro, seier Gro Renate Rostrup.
Ho er ein av to avdelingsleiarar i butikken og har vore med sidan opninga.
– Kva er det som er spesielt med denne butikken?
– At butikken vår har ein bodskap. Me driv ikkje berre butikk, me er også opptekne av å formidla den kristne bodskapen. Det viser igjen i utvalet av bøker, musikk og dvd-ar. Det er veldig viktig for oss, men me satsar også breitt og har mykje anna litteratur som ein finn i vanlege bokhandlarar. Me har bøker til alle aldersgrupper og har også papir og kontorrekvisita.
– Får de tilbakemeldingar frå kundane på det?
– Me har fått ein del positive tilbakemeldingar frå folk som er interesserte i kristen litteratur. Me er den einaste butikken av denne typen på denne sida av fjorden, og det er ein del som har sakna eit slikt tilbod. Men det er ikkje slik at alle kundane våre er kristne, me satsar breitt og har mykje det same tilbodet som ein vanleg bokhandel, seier Gro Renate, som fortel at butikken vert brukt av folk i alle aldrar.
– Me vil nå alle aldersgrupper og føler at me gjer det, men det er nok ein liten overvekt av barnefamiliar som handlar her. Det er kanskje ikkje så rart, fordi dette er ei stor gruppe i Meland og me har bra utval av bøker og ting til born.
– Er det helst folk frå Meland som handlar her?
– Det er mykje Meland-folk ja, men det kjem også folk frå Knarvik-området og kanskje nokre frå Salhus.
– Og kva kjøper folk mest av?
– Det går mykje i romanar og musikk i periodar sel me også ein del hobbyartiklar, det er gjerne rundt juletider, til påske og når Panduro kjem med ny katalog, får Strilen vita.
Lesarane som har nominert butikken til konkurransen ser også det breie utvalet som eit stort pluss.
– Dette er ein butikk som det alltid er spennande å besøka og ein vert alltid møtt av vennlege, smilande og hjelpsame ekspeditørar, står det i ein e-post som avisa har fått.
Spesielle utfordringar har ikkje butikken på Frekhaug merka noko til.
– Me har ingen konkurrentar på denne sida av fjorden, så det er ikkje eit problem. Me har ikkje så veldig stor butikk, så det hender folk spør om bøker eller anna som me ikkje har. Men i dei fleste tilfeller kan me bestilla ting inn spesielt til folk, og det er det ein del som nyttar seg av. Ein del er flinke til å bruka oss, men me kunne ønskja oss litt meir besøk. Det kjem framleis inn folk her som akkurat har fått med seg at det er ein slik butikk her, så det er tydeleg at det tek litt tid før butikken vert kjent, seier Gro Renate. ?
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





