Strilen / Beste / Claus er beste artist
Brukernavn 
Passord 
 
Claus er beste artist

Claus er beste artist

Del | |

KNARVIK: Strilen sine lesarar har kåra Claus Sellevoll til Nordhordlands beste artist.

Publisert 15.07.11 18:24
Endret 15.07.11 18:20

– Dette var kjekt, seier Claus Sellevoll, som stikk innom redaksjonen mellom treningsøkter og jobbing med kommande sceneprosjekt.
38-åringen frå Alversund er kjent ikkje berre for sine presatsjonar på ulike revy- og teaterscener, men også for knallsterke tider mellom anna i skisporet. Og treninga er noko han har fått meir tid etter at livet på scena starta for alvor.
– Eigentleg er ikkje dette med revy og teater så ulikt langrenn. Det er ei nerve i begge deler, og ein må prestera der og då, seier han.
Kanskje ikkje heilt etter myten om artistar som søv heile dagen, men treninga er bra for prestasjonane på scena.
– Treninga gjev overskot, og mange stykke krev at du er i bra form. Til dømes så krev regissør Arvid Ones alltid energi og tempo.
Sellevoll og Hundvin-karen Ones jobbar er elles ofte saman, heilt frå den første revyen med Cato og Claus.
– Hoppa i det
Scenelivet starta etter at Sellevoll og Cato Jensen vart «oppdaga» av Peter Brandt, som på den tida hadde kontrakt med mellom andre Raske Menn og Ylvis-brørne.
– Det gjekk eit år frå Brandt tok kontakt, til me hadde mota oss opp til å møta han. Men me fekk kontrakt.
Dermed vart det «Cato og Claus» på Ole Bull scene i Bergen.
– Eg tok sjansen og hoppa i det, og det har eg aldri angra på. Eg kjenner meg priviligert som får jobba med det eg likar best, seier Sellevoll.
– Opphavleg jobba eg som ingeniør, i Nera i Bergen. Men eg kan nok trygt seia at eg har hamna på rett hylle no, som artist.
Seim og Bergen
Sellevoll er kjent for samarbeidet med Cato Jensen, for framsyninga Singel og Sand, for Vestlandsrevyen, for teaterstykket Tyl og meir til. No framover ventar mellom anna rolla som kong Adalstein i Håkonarspelet på Seim i august, og så seinare på hausten Vestlandsrevyen 2 i Bergen. 
– Me jobbar no med skrivinga til Vestlandsrevyen 2. Skal folk oppfatta det som like morsomt som sist, må det vera litt meir morosamt. Det har me teke mål av oss til å klara, seier Sellevoll, som spelar i revyen saman med Finn Tokvam, Halvor Folgerø, Olav Stedje og Ragnar Hovland.
– Vestlandsrevyen 2 går vel fram til jul, og så har eg andre prosjekt som ventar. Mellom anna jobbar eg og Arvid Ones med eit teaterstykke om Ivar Medaas, utan at det er heilt klart enno, seier Sellevoll.
Sambygding
Sellevoll rakk også å jobba litt saman med Ivar Medaas før sambygdingen med fela gjekk bort.
– Ivar Medaas var med som «sit down-komikar», og med regitips, under Garveryen på Garveriet. Medaas var ærleg når han gav tilbakemeldingar på tekstane. Var det dårleg, sa han rett ut at «ditta her va ein stryktekst».
Elles var det først under eit besøk på Austlandet, som tenåring, at Sellevoll først oppdaga kor kjent Ivar Medaas eigentleg var.
– Der vart eg berre omtala som «han som kommer fra samme stedet som Ivar Medaas».
Nettopp Medaas-parodiar har Sellevoll gjort mange av.
– Ein gong eg var på «Absolutt Norsk» på TV og gjorde parodiar av Medaas og Jon Eikemo, fekk eg melding etterpå om at dette var noko Ivar Medaas hadde det likt. Det var veldig stas å høyra.
Helsa på
Teksten har han ikkje problem med å hugsa, så sufflørhjelp klarer Sellevoll seg stort sett utan. 
Då er kjentfolk i salen stundom ei større utfordring.
– På Ole Bull scene i Bergen var det ein kar frå Hjelmås som reiste seg midt i stykket. Han kom fram til scena og klappa bort i meg, skrytte av jobben og la til at no skulle han berre ut for å slå lens, seier Claus Sellevoll.
I slike tilfelle er det greitt med litt rutine, slik at stykket ikkje stoppar opp.
– Og midt i ein Jon Eikemo-parodi var det ei dame i salen som vinka og ropte «Hei Claus!». Då måtte eg berre smetta inn ei linje om at «Me får no snakkast seinare», seier Claus Sellevoll.
 
Slik har lesarane stemt: 
Lydia Hoen Tjore 87
• Ingelin og Hildegunn 527
• Knut Arild Haugland 160
• Claus Sellevoll 731
• Tor Halvor Halvorsen og Preben Hodneland 49
• Vegard Eide 517
• Bjarte Leithaug 42
• Anne Hvidsten 36


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler