Strilen / Beste / Dei beste arrangementa?
Brukernavn 
Passord 
 
Dei beste arrangementa?

Dei beste arrangementa?

Del | |

Her presenterer me kandidatane til tittelen Nordhordlands beste ­arrangement.

Publisert 16.10.11 15:21
Endret 16.10.11 15:16

Gode arrangement er det mange av i distriktet vårt og kvar veke fartar journalistane i Strilen rundt på små og store tilstellingar. Dei mange arrangementa gleder folk i alle aldrar og lagar god stemning og samhald i nærmiljøet.

Denne månaden vil me difor bruka Nordhordlands beste-serien til å setja ekstra fokus på arrangement som lesarane våre set stor pris på. Me har oppfordra lesarane våre om å senda inn forslag og fått inn nominasjonar på 15 ulike arrangement.

Her får du møta dei åtte som går vidare til avstemminga på Strilen sine nettsider.

Det vert muleg å stemma på kandidatane fram til måndag 31. oktober.

Den av kandidatane som får flest stemmer vil kort tid etter få ei lita helsing frå avisa som synleg bevis på at dette er eit arrangement Strilen sine lesarar tykkjer svært godt om.

Nordhordlands beste er ei uhøgtideleg konkurranse i samband med avisa sitt 50-årsjubileum.

Meir informasjon om konkurransen og tidlegare vinnarar finn du også på desse nettsidene under kategorien «beste».

Lukke til med avstemminga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler