Festo skule
– der fellesskap betyr mykje
– Velkommen til verdens beste skule, helsar ein stolt kar i det same Strilen sin journalist hoppar ut av bilen. Elevane på Feste er veldig stolte av skulen sin og har sendt avisa eit fint brev.
Endret 16.04.11 09:27
• Opna: Første skulen her kom i 1920-åra, men dagens skulebygg vart reist i 1996.
• Elevar: 34
• Tilsette: 9
• Rektor: Lena Andersen
• Skuletype: barneskule, fådelt
Sander Køhne og Mona Feste i elevrådet har prata med dei andre elevane og skrive ned det dei har fortalt.
«Skulen er fin, den har bra inneklima og ligg fint i naturen. Alle kjenner kvarandre og er venner. Første og andre klasse har gode fadrar. Ingen mobbar kvarandre. Lærarane er snille og glade. Dei leikar med oss og gir oss klistremerke og premiar når me arbeider godt og gladmelding når me har gjort noko bra», skriv dei.
Når avisa kjem på besøk har dei eldste elevane nett kome tilbake frå tur og ventar på skulebussen heim. Medan dei ventar nyttar dei leikeplassen og der er mykje gøy.
«Me har fin og god leikeplass med fotballbane, basketballkorg, stor sandkasse, disser, klatrestativ og leikeskur, og me leikar «blåfjell» i ein einebusk. Av og til får me og høyra på musikk i friminutta over store høgtalarar», skriv dei i brevet sitt.
– Det er gøy å vera på skulen og gøy i friminutta og bra at me lærer å lesa, skriva, rekna og ha gym, for då vert me smarte, meiner elevane.
Dei likar at skulen ikkje er så stor, for då kjenner dei alle, og lærarane har mykje tid. Dei fortel om leksehjelp og utedagar, fine utstillingar, at dei tar bussen til Alversund og har bading der, at dei er flinke til å tenka på miljøet og resirkulerer og at dei har veldig kjekke skuleavslutningar med skodespel. Og det kan kontaktlærar Anna Maria Skotsund Hetlebakke skriva under på.
– Avslutningane på skulen vår er alltid litt spesielle. Me er så få elevar at det er veldig lett for oss å gjera ting felles, og me har gjort ein del ut av desse skuleavslutningane. Me inviterer foreldre og søsken og lagar eit program som me viser fram. Det er veldig populært, kan Anna Maria fortelja.
Ho kan også fortelja at folk som kjem utanfrå ofte skryt av elevane på skulen fordi dei er så høflege og interesserte.
– Det er me litt stolte av, og elevrådet har gjort trivselsundersøkingar på skulen der dei har spurt elevane på skulen om korleis dei likar seg her. Konklusjonen deira var mellom anna at ingen elevar på skulen føler seg plaga eller mobba på nokon måte, og det stemmer. Me vaksne har heller ikkje inntrykk av at det er mobbing i elevflokken, seier Anna Maria.
Ho fortel også om ei engasjert bygd.
– Dei har stått opp og kjempa for skulen. Skulen vår er vedtatt nedlagt, men me prøver å ikkje tenkja på det. Det hender at elevane spør litt om ting rundt det. Då svarer me så godt me kan, men det er ikkje noko me tenkjer på til dagleg, seier Anna Maria, som trekkjer fram følgjande stikkord når ho får spørsmål om kva som er spesielt med Festo skule.
– Fellesskapet. Elevane på skulen er god samansveisa på tvers av trinna og me gjer veldig mykje saman som skule. Det er veldig kjekt, seier ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





