Årås sanitetsforeining
Driftige kvinner
Norske kvinners sanitetsforeining er Noregs største kvinneorganisasjon og samlar inn pengar til humanitært arbeid. Eit av foreininga sine lokallag finn ein på Årås i Austrheim, og dei har halde det gåande lenge.
Endret 17.03.11 22:04
• Starta: 1940
• Medlemmar: rundt 75
• Heldt til: Har lokale i Furuly eldrebustader
• Aktivitetar: Møter og basarar der ein samlar inn pengar til gode formål
I fjor kunne laget feira 70-årsjubileum, og laget har brukt tida godt. Ei av dei tinga som har opptatt den lokale sanitetsforeininga mest er Furuly eldrebustader. Sanitetsforeininga har skaffa pengar til etablering og drift av eldrebustadane. I dag vert bustadane drive som eiga stifting, men sanitetslaget støttar framleis opp om tilbodet og eldrebustadane husar også lokale for foreininga.
– Furuly er ein flott plass for dei eldre som har fått bustader sentralt i kommunen. Saniteten stiller også villig opp på samfunnshuset på dugnad, er aktive med kafé under
Austrheimløpet, og deltek på arrangement der det trengst praktisk hjelp, skriv mannen som har nominert foreininga til Nordhordlands beste. I dag er gjennomsnittsalderen i foreininga forholdsvis høg, men i dei seinare åra har det kome ein del nye krefter til.
– I dag har me ei fin gruppe yngre kvinner frå 40 år og nedover som har engasjert seg i laget. Dei har sine eigne samlingar og kvart år arrangerer dei ein eigen barnebasar der inntektene går til prosjekt i lokalmiljøet, kan Ellinor Brandtun fortelja. Ho er leiar for den eldre garde i foreininga, og gler seg over at det er kome nye krefter til i laget.
– Eg har ikkje vore med så lenge at eg har full kontroll på historia til laget, men eg veit at foreininga har vore veldig aktive i lokalmiljøet. I dag er ein del av medlemmane våre nådd ein alder som gjer at dei ikkje kan vera så aktive som før, men dei stiller opp på det dei kan til dømes i arbeidet med å selja fastelavnsris. Sal av fastelavnsris er ei viktig
inntektskjelde og nærmast vorte eit varemerke for foreininga i Noreg. Foreininga tok opp salet av fastelavnsris i 1946 då ein starta eit landsdekkande sal av fastelavnsris for å samla inn midlar til helsearbeid. I 2009 vart det seld ikkje mindre enn 260.000 fastelavnspris på landsbasis, kan ein lesa på foreininga si nettside. Dei reknar med at det går omkring 2,5 millionar fjørbuntar og 300 kg lause fjær for å laga risa, og medlemmane i Årås sanitetsforeining gjer sin del av jobben.
Dei hentar kvistar og surrar fjør på dugnad.
– Pengane som me får inn frå salet av fastelavnsris vert utelukkande brukt lokalt, seier Ellinor. Ho kan også fortelja at det sosiale fellesskapet er viktig for medlemmane.
– Det er ein fin måte å treffa andre kvinner. Me har jamlege møter og det me diskuterer aktuelle saker og kosar oss i lag, får Strilen vita.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Folkevandring til Kvalvika [02.05.12 09:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





