Strilen / Beste / Ei enorm utvikling
Brukernavn 
Passord 
 
Ei enorm utvikling

Rema 1000, Knarvik:

Ei enorm utvikling

Del | |

Tone Eide hugsar godt dagen då Rema 1000 opna dørene i Knarvik for første gong.

Publisert 17.02.11 11:49
Endret 17.02.11 12:23

Rema 1000 Knarvik
•    Opna: 1994
•    Dagleg leiar: Tone Eide
•    Tilsette: 38
•    Butikktype: Daglegvarer

– Det var 24. november 1994 klokka 10. Kassene ville ikkje fungera i starten, så det vart litt meir spennande enn me hadde tenkt, flirer ho.
I dag er historia eit artig minne.

– Då me starta i Knarvik, ante me ikkje kva me skulle forventa, men det har gått bra. Heilt fantastisk bra, seier butikksjefen.

Butikken har vakse mykje sidan starten og har i dag dobbelt så stort lokale, og tre gonger så høg omsetning som den gongen.
På ein vanleg dag er om lag 1500 kundar innom butikken.

– Kva kjenneteiknar din butikk?

– Me har ein stor butikk med god plass. Det gjer butikken oversiktleg og me har bra utval av daglegvarer. Me fokuserer på låge prisar. Butikken ligg også svært sentralt og har stor parkeringsplass. Eg trur at det er ting som gjer at mange vel oss. Eg synest også me har veldig hyggelege tilsette og godt miljø her, det håpar eg også kundane merkar, seier Tone.

– Kva forventningar trur du folk har når dei kjem inn i butikken din?

– Eg trur dei har mykje dei same forventningane til alle typar butikkar. Folk er opptekne av at dei finn dei varene dei ønskjer og at dei får god service, og det gjer me vårt beste for å gje dei.

Det vert også framheva av lesarane som har nominert butikken til Strilen sin konkurranse.
«Kjempebra butikk, hyggeleg betening, god hjelp om du treng det og ikkje minst god parkering», skriv ein lesar.
Ein annan brukar stikkord som «triveleg, romsleg, oversiktlig og billig!».

– Møter de på spesielle utfordringar i kvardagen?

– Ja, konkurransesituasjonen er tøff i daglegvarebransjen og det er mange av oss i Knarvik-området. Å vera stor har sjølvsagt mange fordelar, men det byr også på utfordringar.

Det er mykje varer som går inn og ut av butikken i løpet av ein dag. For store butikkar kan det også vera ei utfordring å få tak i nok av sesongvarer som julemat og grillmat, me er avhengige av at dei som leverer til oss kan levera store kvantum, seier Tone.

Butikken har i dag 38 tilsette. Nokre av desse har vore med frå starten.

– Det synest eg er veldig stas. Folk jobbar ikkje så lenge på ein stad, viss ikkje dei trivst, og kundane har mykje å seia for trivselen vår. Sjølv om det er veldig mange kundar innom her i løpet av ein dag, føler eg at me får god kontakt med folk. Mange går her kvar dag, og vekslar gjerne nokre ord med oss i kassen og helser på oss når dei møter deg på gata. Det gjer arbeidsdagen vår triveleg, seier Tone.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler