Strilen / Beste / Får strilane ut or godstolen
Brukernavn 
Passord 
 
Får strilane ut or godstolen

Nordhordland turlag

Får strilane ut or godstolen

Del | |

Ein god tur forlenger livet, meiner Turlaget. Og turlagsleiar Birger Tomasgard er passande nok ute på tur når Strilen ringjer. Sidan starten i 1993 har aktivitetane til turlaget auka jamt og trutt. Medlemstalet også.

Publisert 17.03.11 22:10
Endret 17.03.11 22:08

•    Starta: 1993
•    Heldt til: høgt og lågt mellom fjord og fjell
•    Medlemmar: 1550
•    Aktivitet: fotturar, skiturar og padleturar

– I dag lever me i eit stillesitjande samfunn, så det er viktigare enn nokon gong å få folk ut på tur så dei får oppleva kor fint og kjekt det er å vera ute i naturen, seier Birger.
Han har vore med i turlaget sidan starten.

– Turlaget er eit resultat av at turgrupper i Alvidra og Eikanger idrettslag slo seg saman. I dag famnar me heile Nordhordland. Me har eit stort program. I sesongen har me turar kvar onsdag i lokalmiljøet. Me har også søndagsturar og lengre turar som går over fleire dagar, seier Birger.

Turlaget har også ei gruppe i Masfjorden som arrangerer eigne onsdagsturar der.

– Onsdagsturane er veldig populære. Det er klassikaren. Dessutan har me ei eiga barnegruppe som er veldig aktive. Barnas turlag engasjerer mange og eg har inntrykk av at mange småbarnsforeldre er opptekne av at barna skal få utfalda seg i naturen. Me har også ei eiga ungdomsgruppe. Der har det ikkje vore så mykje aktivitet tidlegare, men me vil satsa litt meir på den no, seier Birger og fortel at ungdomsgruppa mellom anna skal ha kveldskjøring i skitrekket i Stordalen denne veka.

– Mosjon er viktig uansett alder og me er oppekne av at me skal ha eit tilbod til alle uansett alder. Og me opplever at interessa for turgåing er aukande, både lokalt og nasjonalt. Det er «inn» å vera aktiv no. Det er me sjølvsagt glade for. I tillegg til betre fysisk form gjev turar i naturen også gode opplevingar og fred og ro så turane gjer godt både for kropp og sjel.

For at det skal vera lett å koma seg ut på tur arrangerer ikkje berre turlaget turar, dei har også mange medlemmar som gjer ein innsats med å merka turløyper og leggja til rette for deg og meg.

– Dugnadsinnsatsen er veldig viktig for oss i turlaget, og me er veldig glade for den innsatsen som folk gjer. Nordhordland turlag er eitt av lokallaga under Bergen turlag og aktiviteten i distriktet vårt er veldig stor. Viss du ser vekk i frå Bergen turlag, så er me det desidert største lokallaget i Hordaland, seier Birger.

Til no har turlaget retta alt sitt fokus på turar og turgåing, men i tida framover også vil engasjera seg i aktuelle saker i lokalsamfunnet.

–  Dei kvalitetane me finn i naturen er veldig viktige for medlemmane våre, og me er opptekne av at det skal vera gode mulegheiter for å nytta desse ressursane også i framtida, difor har me i den seinare tid også begynt å engasjera oss og koma med innspel i samband med planar i kommunane våre. Dette for å sikra at friluftsområde vert tatt vare på, og at ein legg til rette for grøne korridorar i tettbygde strøk slik at alle har ein sjanse til å koma seg ut og nyta naturen, seier turlagsleiaren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler