Fedje teaterlag
Fedje si femte statsmakt
– Det folk ikkje får i lokalavisene det får dei hjå oss. Det er ingen som går folk så etter i saumane som me gjer, flirer Dagrund Gunnarson.
?Ho har tittelen Høvding i Fedje teaterlag. Og legg ikkje skjul på at ho er bittelitt stolt over at ei lita øy med 600 innbyggjarar har eit sprell levande teaterlag.
Endret 17.03.11 22:03
• Starta: 1980
• Medlemmar: 15-20
• Heldt til: rundt om kring på Fedje
• Aktivitetar: revy/teater
Dei er ikkje mange, men dei leverer revy kvart einaste år. I tillegg stiller dei opp med poengterte spark på merkedagar som eldredag, 17. mai, verdsdagen for psykisk helse, opning av NAV-kontor med meir. Det har dei gjort sidan 1980 og Aase Borge har vore med heile tida.
– Sist revy samla me 350 menneske. Det er ein oppmøteprosent få andre kan matcha, seier teaterhøvdingen.
Ho teiknar eit bilde av ei teaterlag fullt av spillopper.
– Me er ikkje lette å styra og me driv sjeldan med planlegging, men utruleg nok har det vorte revy kvart einaste år i tretti år og me vert like overraska over at me får det til kvart einaste år.
Teaterlaget skriv så å seia all teksten sjølv.
– Nokre år har me mykje å skriva om, andre gonger er det verre, men me kjem alltid i mål, seier Dagrun, som har plakatar frå revyane dei siste åra hengande på ein vegg heime.
Revyane har fått titlar som «Kystverket og andre plager». Ein revy som vart til etter Server-forliset, «Eit kabla liv». Som viser til kabelferja på øya som skapte ein solid dose avisoverskrifter for ei tid tilbake og «Full i F(edje)!, «So lengje skuto kan ga»og «I hytt og vêr.
Og revyane som når ut til folket er gjerne rykande ferske.
– Server gjekk på grunn berre to veker før årets revyen. Den gav oss så mange poeng at me la vekk omtrent alt anna me hadde av tekstar og laga nye, kan Dagrun fortelja.
Teaterlaget har også gjort det til ein tradisjon å reisa til revyfestivalen på Fedje, og sjølv om laget er blant dei minste som deltek, har dei henta med seg fleire prisar heim. Eit år sikra laget seg pris for beste monolog. Eit anna år for beste sketsj.
– Revyfestivalen på Fitjar er utruleg kjekk. Der møter me mykje folk og har det grådig moro. I laget vårt har me aktive medlemmar frå 18 til 77 år, og me meiner at spreidning i alder er ein stor fordel. Då har me alle litt forskjellig blik på livet, og saman leverer me ein revy med tekstar som når alle aldersgrupper, meiner Dagrun.
God kontakt med andre revygrupper i distriktet har dei også.
– Me har hatt ein del samarbeid med dei som lagar revyen både på Austrheim og på Lindås. Me har vore gjestar i kvarandre sine revyar og lånar eller kjøper gjerne litt stoff av kvarandre. Å møta andre som driv på med det same er veldig artig, og så er det grueleg gøy med revy. Både for oss og publikum, håpar me, avsluttar teaterhøvdingen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





