Strilen / Beste / Ferdamann fer i studio igjen
Brukernavn 
Passord 
 
Ferdamann fer i studio igjen

Knut Arild Haugland:

Ferdamann fer i studio igjen

Del | |

Knut Arild Haugland skal i haust i studio for å spela inn Ferdamann-plate nummer to.

Publisert 18.06.11 14:09
Endret 18.06.11 13:53

Knut Arild Haugland • Alder: 50 • Bur: Austrheim • Type artist: Tekstforfattar, komponist og artist. • Sjanger: Ferdamann er alt frå viser og pop til rock

Femtiåringen med 36 år bak seg musikar bremsar ikkje, sjølv om han dette året er halvvegs til hundre.

– Eg spelar fordi eg må. Det er ein livsstil for meg, frå eg står opp om morgonen til eg legg meg om kvelden. Eg tenkjer musikk heile tida, seier han.Det starta på ungdomsskulen tilbake på syttitalet. Nokre skulekameratar skulle starta band, og søkte etter vokalist.

– Det var alvorlege greier, med prøvesynging og det heile. Eg måtte komma på samfunnshuset i Austrheim, og song tre låtar. Dei gav beskjed om at eg ville høyra frå dei seinare.Dagen etter kom skulekameratane bort med beskjed om at «det er øving på søndag», og dermed var songkarrieren i gang.

– Dette første bandet eg var med i heitte St. Helena, nett som den øya. Men me fekk aldri nokon spelejobb der.

Haugland heldt seg til vokalistrolla fram til 1991, då lærte kona å spela gitar, og han starta med å skriva tekstar og melodiar sjølv.

– Eg brukar ikkje å seia at eg syng, men at eg formidlar. Det er ein viktig forskjell, og noko eg prøver å seia til gutane på rockeklubben, dei må analysera tekstane dei syng og formidla innhaldet.

Den første Ferdamann-plata, Dagane, kom i 2005. No kjem snart nye songar, sjølvskrivne og på norsk. 

– Ferdamann er berre på norsk. Eg satsar på å gjera klar nokre songar og senda dei til ulike radiostasjonar først, slik at eg kan få litt radiospeling før eg trykker opp sjølve cd-platane, seier han.

Haugland får elles rapportar frå Tono og Gramo som summerer opp kva songar som vert spelte, og på kva stasjonar.

– Det viser seg at det tildels er songar som eg ikkje trudde ville slå an på radio. I tillegg viser tala at eg er mykje spelt på Loppa og i Vest-Telemark, der har Ferdamann verkeleg slått an, seier han med eit smil.

Haugland har ikkje noko mot idrett, men meiner musikken kan gje born og unge noko meir. Sidan Rockeklubben i Austrheim starta for tjue år sidan, han har sett mange unge få prøva seg innan musikken.

– Eg seier til foreldre at musikk er noko ein kan ha glede av heile livet.I tillegg til Ferdamann er Haugland aktiv i fleire andre musikalske konstellasjonar. 

– Eg spelar i dansebandet Dino­saur­ane, i ein country-duo med Jostein Fonnes, og i country-trioen Inlaws. Me turte ikkje å kalla det Outlaws, for då hadde me vel fått besøk av sure menn på mopedar.

Han tek også på seg andre speleoppdrag, stundom i uvante omgjevnader.

– Eg jobba i fleire år på sjukeheimen, og spelte litt der. Og så har eg spelt både i bryllaup og gravferder, det siste var ei utfordring, men veldig gjevande, seier Knut Arild Haugland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler