Knarvikmila:
Folkefest i snart 30 år
• Type arrangement: Trim, konkurranse, folkefest
• Kvar: Knarvik i Lindås
• Kor mange gonger: 29
Endret 16.10.11 15:00
Av alle arrangement som går av stabelen i Nordhordland er nok Knarvikmila det største og mest kjente. Og det manglar ikkje på gode argument for å stemma på Knarvikmila. I år etter år har arrangementet samla tusenvis av menneske til løps- og folkefest i september månad.
Frå ein sped start i 1983 har «Knarvikmila-general» Helge Brekke og hans mange medhjelparar utvikla «mila» til eit tilbakevendande arrangement som verkeleg set Nordhordland på kartet.
Opptakten til Knarvikmila kom i 1981, då det første Knarvik Games vart arrangert. Då stod kring 9000 tilskodarar på steinknausane rundt Knarvik Stadion og heia fram både Henry Rono og Paula Fudge til verdsrekordar på 5000 meter.
Frå 1983 tok folkeløpet Knarvikmila over for Knarvik Games. Steg for steg har «mila» utvikla seg til å omfatta fleire distansar, naturløype, Ungdomsløp, Minimil for dei yngste og halvmaraton for dei som vil slita litt ekstra.
Gjennom god marknadsføring og flotte premiar har talet på deltakarar kome opp på eit høgt nivå, ikkje berre frå lokalmiljøet. Mange kjende løparar, også frå andre land, har delteke.
I år var verdskjente Haile Gebrselassie frå Etiopa med på å setja eit ekstra preg på arrangementet.
Knarvikmila har heile tida hatt «Idrett utan alkohol» som eit viktig motto. I tillegg til løpa har trening, rett kosthald og andre tema vore teke opp på seminar i tilknyting til arrangementet, og mila har også medverka til mange flotte konsertar med kjende namn på plakten.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





