Strilen / Beste / Folkeleg og syngande ordførar
Brukernavn 
Passord 
 
Folkeleg og syngande ordførar

Astrid Aarhus Byrknes

Folkeleg og syngande ordførar

Del | |

Blid, tilgjengeleg, folkeleg og syngande er stikkord i fleire av nominasjonane som Strilen har fått.

Publisert 17.09.11 13:34
Endret 17.09.11 13:22

•    Født: 1963
•    Bur: Knarvik, kjem frå Karmøy
•    Partitilknyting: KrF

Dei handlar alle om Astrid Aarhus Byrknes. For fire år sidan tok ho over jobben som ordførar i Lindås kommune, og Astrid har vore ein synleg ordførar. Ho har vore høgt og lågt på det meste som har rørt seg i kommunen, og det er det mange som har lagt merke til.

– Ho viser seg ute blant folk og ho er veldig lett å prata med. Det betyr mykje at politikarane er der folket er og at du føler at du kan nå fram til dei. Ho er alltid blid og hyggeleg og så er ho flink å synga, seier ei kvinne, som har ringt avisa for å fortelja at ho meiner Astrid er ein veldig god kandidat til tittelen.

I ein e-post skriv ein annan lesar at ho føler Astrid tek folk på alvor og engasjerer seg i saker som engasjerer eldre. Slik som Lindåstunet. Ho kjempar for det og for at dei eldre skal ha det godt, skriv lesaren.

– Det er kjekt at folk oppfattar meg slik, seier Aarhus Byrknes i ein kommentar til Strilen. Ho kom inn i kommunestyret i Lindås i 2007 og fekk ein brå start då ho gjekk rett inn i ordførarvalet.

– Det har vore ei bratt læringskurve for meg. Eg har lenge vore politisk interessert, men det er først dei seinare åra at eg har vore medlem av eit politisk parti. Eg var med i KrF ei lita stund som ungdom og så melde eg meg inn att for ikkje så mange år sidan. Då eg bestemte meg for å gå i politikken, fekk eg tre gode råd av ein eldre politikar. Han sa til meg at eg alltid måtte vera meg sjølv, at eg måtte vera raus og leggja vekt på samarbeid og lytta til folket. Det synest eg var gode råd, og dei har eg følgt.

– Har du nokon idé på kor mykje tid du brukar rundt om kring på ulike arrangement?

– Nei, det har eg inga aning om, men eg meiner frivillig arbeid er limet i samfunnet vårt. Det er også grunnen til at eg stiller opp på så mykje forskjellig. Eg går også på arrangement der eg ikkje er spesielt invitert, rett og slett fordi eg har lyst å få dei med meg, seier Astrid, som er glad for tilliten folk viste henne og partiet under valet.

– Eg ser fram til å ta fatt på fire nye år som ordførar og eg vil halda fram med å stilla opp på ting i same grad som før, seier ho.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler