Knarvik ungdomsskule:
For fleire og fleire
Konsertar og samlingar i det nye amfiet vert drege fram av fleire som meiner at Knarvik ungdomsskule er best i Nordhordland. Og Olaf Hella, som er rektor på femte året, stadfestar at dette rommet er i flittig bruk.
Endret 16.04.11 09:23
• Første byggetrinn teke i bruk i 1983, andre byggetrinn i 1988
• Elevar: 316
• Tilsette: Kring 45 tilsette
• Rektor: Olaf Hella
• Skuletype: Ungdomsskule
– Musikkrommet med amfi har plass til 360 elevar, og der samlar me stadig vekk alle saman. Me prøver å ha ei samling kvar månad, der elevane kan visa fram ting dei øver på, eller kanskje det er Etiopia-innsamlinga, eller avslutningar, seier Olaf Hella.
Amfiet er i bruk også utanom skuletid, av lokale kor, av kulturskulen og til kristne samlingar.
– Det er eit viktig rom for skulen, seier Hella.
I nominasjonane får lærarane skryt, rektoren svarer med å skryta av elevane.
– Me har kjekke elevar, og ein lærarstab som er fagleg dyktig. Eg synest at me klarer å utvikla elevane både fagleg og sosialt, og tilbakemeldingane er at dei får oppgåver som er tilpassa deira meistringsnivå. Det er viktig med tydelege roller, og at elevane veit kva dei skal læra, seier Hella og viser til teoriar basert på John Hettie sitt forskingsarbeid.
Då Hella tok over som rektor, hadde skulen 171 elevar. No er det nesten dobla til 316, etter at ungdomsskuletrinnet i Alversund vart flytta til Knarvik.
– Det største klassetrinnet er 8. klasse, med 114 elevar. Og veksten held fram, skuleåret 2013/2014 kan det verta fem eller seks klassar på 8. trinnet.
Det siste tilbygget vart teke i bruk i desember 2009. Denne veka var det offisiell opning av skulen etter at også eldre delar har fått ei ansiktsløfting. I tillegg til sjølve skulebygget er det også ein paviljong mellom skulen og rådhuset.
– Me brukar nesten ikkje paviljongen no, men den kan avhjelpa ein del frå
2013/2014. Elevtalet då vil avhenga av kvar elevane frå Leiknes skule skal gå, seier Olaf Hella.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





