Strilen / Beste / Frå vettaskremt til etterspurd artist
Brukernavn 
Passord 
 
Frå vettaskremt til etterspurd artist

Claus Sellevoll:

Frå vettaskremt til etterspurd artist

Del | |

– Første gongen eg skulle ut på ei revyscene, var eg vettaskremt. Det skjedde i Kvamsvågen, i ungdomshuset 17. mai i 1993. 

Publisert 18.06.11 14:09
Endret 18.06.11 13:50

Claus Sellevoll • Alder: 38 • Bur: Åsane • Type artist: Skodespelar/ gjøglar

Ti minutt før førestillinga opna eg, dum som eg var, sceneteppet og kikka ut på ein fullsett sal. Sveitten begynte å pipla, og eg tørka opp innvendig, fortel Claus Sellevoll i dag.

Sceneskrekken har han fått bukt med, og via meir eller mindre tilfeldige hendingar har han etter kvart jobba seg opp innan revy og teater. 

– Det var tilfeldig at eg enda opp som skodespelar og gjøglar. Eg spelte til dans i eit bryllaup, og i ein av pausane fann eg eit strilekostyme i garderoben. Bandmedlemmene meinte eg til forveksling likna «han med da långa håret» i Vinskvetten. Så stor likskap vart det at Sellevoll faktisk vart teken for å vera Bjørn Jensen.

På scena under ein fest i Salshusvinskvetten si heimbygd Salhus, kom Jensen sine næraste slektningar fram til scena for å helsa på. Problemet var berre at Bjørn Jensen var i Øygarden på skriveseminar med Vinskvetten, og at det var Sellevoll som stod på scena.

– Det var etter dette at eg vart kjent med Cato Jensen, sonen til Bjørn. Me vart relativt fort gode kameratar, fortel Claus Sellevoll.

Dei to starta duoen «Cato & Claus», som etter ein start med småjobbar fekk eigen revy på Ole Bull Teater i Bergen. I tillegg til Cato & Claus-revyar har Sellevoll spelt i Singel & Sand, Vest­lands­revyen og teaterstykka Bikube­song og Tyl, i tillegg til andre oppdrag.

– Eg er opptatt av Vestlandet, og særleg bygdekulturen. Likar å gje karakterane særpreg, gjerne gjennom gamle ord og uttrykk som ikkje er så mykje brukte i daglegtalen lenger. Då eg var liten gjekk eg i hælane på bestefaren min, og plukka opp mange strileuttrykk som eg har stor nytte av i dag.

Artistjobbing betyr å vera kreativ på mange måtar, noko Sellevoll likar godt. 

– Alt frå plakatskisser til fargar og dekorasjon i scenografien. Elles er det alltid kjekkare å jobba fram ein karakter eller ein tekst, enn å pugga sjølve teksten. Sellevoll er ikkje berre artist, men også ein god skiløpar, og har dessutan gode plasseringar i mange løp. Ikkje overraskande brukar han ein del føremiddagar til trening. 

– Elles vert det litt kontorarbeid på dagen, før ettermiddagen og kvelden kjem med tekstlesing og førebuing til oppdrag eller jobbar.

I periodar der eg er tilsett på teater eller i revyproduksjonar er det fastare rammer. Då er arbeidstida lengre og meir intensiv, ein startar gjerne prøvane i titida på føremiddagen, og heldt på utover kvelden.

Snart skal han til med dette arbeidet igjen, for no har skrivinga starta på Vestlandsrevyen 2. Det er same gjengen som sist, Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Olav Stedje, i tillegg til Claus Sellevoll. Og før det skal Sellevoll spela Kong Adalstein i Håkonarspelet på Seim, i midten av august.

– I tillegg jobbar eg og Knut Langeland (BT-journalist) fram foredraget «Det gode liv i aktivitet», som handlar om lidenskapen for trening, friluftsliv og aktivitet i nærmiljøet, seier Claus Sellevoll.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler