Havsportveka i Austrheim
Frisk sjøsprøyt i Austrheim
• Type arrangement: Aktivitetsveke retta mot alle aldersgrupper.
• Kvar: Austrheim
• Kor mange gonger: 3
Endret 16.10.11 15:08
«Arrangementet er eit friskt pust i Nordhordland som har sparka i gang ei havsportsatsing i regionen, men og har tatt eit ansvar for reiselivssatsinga».
Det skriv Øystein johansen i Sport & Fritid Norge, som synest Havsportveka fortener tittelen «Beste arrangement» når Strilen-lesarane kan starta å stemma frå i dag av.
Ei viktig argument er at veka er tilrettelagt for alle aldersgrupper. For å koma i hamn, står mange frivillige på dag og natt for å gje deltakarane best mogleg opplevingar.
Det folk kan delta i, er bla anna havfiske, rafting, vannski, jetski, vanleg segling, brettsegling, wakeboard, kajakkpadling og helikoptersafari, pluss konsertar.
Leiaren for veka, Odd Arne Blindheim, kunne gleda seg over 2300 deltakarar på den aller første Havsportveka i 2009. I den tredje veka i år var talet oppe i 6000, og det største arrangementet av dene typen i Norden har klare mål:
Eitt av dei er å verta større enn Exstremsportveka på Voss! Den er ingen konkurrent, berre eit føredøme.
Odd Arne Blindheim uttalte i 2009 at deltakartalet då viste at Havsportveka har eit stort potensiale. Og eit betre område for slike akvititetar enn Austrheim med sine mange øyar, skal ein leita lenge etter.
Arrangementet har også samla havsportinteresserte frå heile Nordhordland, Gulen og Bergen. Arrangørane har fått god hjelp frå både klubbar, lag, bedrifter og sponsorar for å koma i mål med arrangementet, som er lagt til midten av august.
I tillegg til lokalpressa, har også andre aviser og media fatta interesse for Havsportveka og gjeve de breid omtale. Arrangementet har fått god kritikk blant anna for lett tilgjengeleg informasjon, god service, transport og tryggleik.
Og har det vore regn, ser det ikkje ut til å leggja ein dempar på tilreisande og lokale si interesse for å koma seg ut på sjøen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





