Strilen / Beste / Fristad med trygge leiarar
Brukernavn 
Passord 
 
Fristad med trygge leiarar

Fritex Ungdomsklubb:

Fristad med trygge leiarar

Del | |

•    Heldt til: Verås Grendahus
•    Starta: 1987
•    Driven av: Lokal dugnadsgjeng med Maya Vabø Mongstad i spissen.

Publisert 19.11.11 16:25
Endret 19.11.11 16:01

Fritex Ungdomsklubb inviterer ungdom til Verås Grendahus stort sett annankvar fredag gjennom skuleåret.

– Dette er eit supert tilbod til alle ungdommar frå 6. – 10. klasse. Dei har biljard, bordtennis, x-box, nintendo wii, airhockey, diskotek og kiosk, skriv Andreas Waage som har nominert klubben.

Klubben er driven på rein dugnad, og engasjementet har gått i arv i alle fall i ein generasjon så langt. Opningstida er 18.00 til 21.30. Kor mange som kjem kvar gong varierer frå over 100 ungdommar til rundt 10. Seks leiarar stillar opp kvar gong, og dei hentar inn fleire om det trengs.

– Dette er eit godt alternativ til å driva dank på Lindås, Fonnes eller andre senter i distriktet, skriv Andreas.

Aleksander Vatle Waage, Maya Vabø Mongstad og Anders Rolland Jacobsen er nokre av dei frivillige leiarane som har gått frå å vera deltakarar, til ungdomsleiarar og no, vaksenleiarar. Anders byrja å komma til klubben då han gjekk i 6. klasse.

– Eg synest det var kjekt å komma og vera med vennene mine frå skulen på ein annan arena. Eg vart med i styret då eg var 15. No er eg 21 år, og det er framleis kjekt å arrangera dette for dei som no er yngre, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler