Helge Dyrkolbotn
Frivilligheiten sjølv
Er det eit arrangement i Austrheim, er det gode mulegheiter for at Helge Dyrkolbotn på ein eller annan måte har ein finger med i spelet.
Endret 17.09.11 13:17
• Fødd: 1964
• Bur: Leikvoll i Austrheim
• Partitilknyting: KrF
– Helge kjempar for frivillig arbeid i Austrheim og i Nordhordland, og står på for det han meiner kjem dei fleste til nytte og glede. Han stiller opp på dugnad som alt frå kyrkjevakt til eldsjel bak Havsportveka og er i seg sjølv ein levande frivilligheit, skriv kvinna som har nominert Helge Dyrkolbotn.
Det har ho rett i.
Helge er tilsett i Austrheim kommune, sit i kommunestyret og er i tillegg med i fleire lag- og organisasjonar i nærmiljøet. Privatpersonen Helge og politikaren Helge har mange av dei same interessene.
– Eg har fått mange hattar etterkvart. Det vert gjerne slik når du likar å engasjera deg. Det har eg alltid gjort, og eg bestemte meg tidleg for at eg ville inn i politikken for å vera med å utvikla lokalmiljøet mitt, seier Helge.
Då han flytta til Austrheim for å gå på gymnaset, vart han med i Helgaljod, og han har jobba mykje dugnad for idrettslaget og mykje kyrkjelydsarbeid.
– Eg har ved fleire høve sagt at eg trur det er mange som ikkje veit kva dei går glipp av, det å jobba dugnad saman med andre er utruleg kjekt og sosialt, seier han. Helge brenn for born og unge. Han har vore med å få i gang ungdomsklubben og styrt mykje på med den nye idrettsparken i kommunen.
– Når du er med på så mykje, kan det av og til vera vanskeleg å skilja mellom jobb og privat engasjement. Det er ei utfordring, og det hender at eg kjem i situasjonar der eg må tenkja meg godt om. Nokon vil nok meina at ting glir litt mykje over i kvarandre, men eg opplever at det stort sett går greitt.
Helge kom første gong inn i kommunestyret i Austrheim i 1999, og han er no klar for periode nummer tre.
– Eg føler at me har fått gjort mykje bra og ser fram til ein ny periode. Eg er oppteken av framtida, og det er dei unge som er framtida vår. Viss dei unge i kommunen trivst og har det bra, gjer vanlegvis me vaksne det også. Eg vil at ungdom som flyttar frå Austrheim og bort for å studera, skal hugsa korleis det var å bu her og tenkja at dei har lyst tilbake. For at dei unge skal trivast, må ein ha gode barnehagar og skular, og dei må kunna engasjera seg i aktivitetar. Det er bakgrunnen for mykje av engasjementet mitt. Eg er også opptatt av næringsutvikling og mykje anna, seier Helge.
Evna til å samarbeida er ein eigenskap Helge meiner er viktig for ein politikar, og den som har nominert KrF-politikaren meiner at han er ein omgjengeleg og positiv kar, ein dyktig og engasjert politikar, eldsjel til tusen og eit stort førebilde.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





