Strilen / Beste / God på frivillig arbeid?
Brukernavn 
Passord 
 
God på frivillig arbeid?

God på frivillig arbeid?

Del | |

Me bur i eit distrikt fullt av frivillige lag- og organisasjonar. Veit du om nokon som fortener litt ekstra merksemd? (På biletet: Frå Sævørevyen)

Publisert 28.02.11 18:59
Endret 28.02.11 18:59

– KRIK Radøy må vera Nordhordlands beste frivillige organisasjon. Den vert drive av ungdommar og har samling i Radøyhallen annankvar fredag. Der kjem det mange ungdommar. Dette er eit tilbod som skal gje ungdom valfridom og ikkje berre la det gå i drikking og festing, skriv David Aasgard i ein e-post til Strilen.

Han er ein av dei som så langt har nytta sjansen til å nominera ein kandidat til konkurranse Nordhordlands beste.

I mars månad skal Strilen kåra Nordhordlands beste frivillige lag/organisasjon, og no jaktar me på gode kandidatar til konkurransen.

Frivillig arbeid og dugnadsand betyr mykje for tilbod og trivselen i bygdene våre og i jubileumsåret vårt vil me gjerne gjera litt stas på lokale lag- og organisasjonar som utmerker seg på ein positiv måte.

No har du sjansen til å fremja ditt idrettslag, husmorlag, korps, velforeining eller liknande.

Dersom du veit om ein god kandidat, så set me stor pris på om du sender oss ein e-post med informasjon om kvifor du meiner at akkurat denne kandidaten fortener litt ekstra merksemd.

Forslag kan sendast til beste@strilen.no, skulle du ikkje ha tilgang til internett er det også muleg å ringja inn ditt forslag på telefon 56 34 30 46.

Dersom din kandidat skal vera med i vurdering, må forslaget nå oss innan søndag 6. mars.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler