Strilen / Beste / Gulen dykkesenter
Brukernavn 
Passord 
 
Gulen dykkesenter

Gulen dykkesenter

Del | |

Stad: På Nyborg i Gulen Kommune
Type attraksjon: Dykkesenter med overnatting

Publisert 18.08.11 09:57
Endret 17.08.11 17:37

– Fordi dei tilbyr ei enorm oppleving. Du får sett store delar av både Gulen og Lindås ved havsafari. Ein kan ta dykkekurs, kjøra tube, få oppleva Gulatinget og mykje meir. Det er kort veg til Eivindvik og Dingja, mykje fin natur og høve til mange fine fjellturar. Dette skriv Maren Fagervik i ein e-post til Strilen om kvifor ho meiner dykkesenteret fortener tittelen Nordhordlands beste turistattraksjon.

Gulen dykkesenter er drive av Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli, han frå Gulen, ho frå Bergen. Begge er dykkeinstruktørar, og begynte i det små med å ta elevar med seg på tur. I 2001 prøvde dei seg på helgebasis, og i 2004 flytta dei frå Bergen til Gulen for å driva på fullt.

– Målet var å skapa to arbeidsplassar på fulltid og driva heilårleg. Det har me, som einaste feriesenter i Noreg klart, seier Monica stolt.

I starten tilbydde dei mest vassport, men etter kvart spissa dei det meir mot dykking. No gjer dei begge deler.

– Me er best på dykking, men elskar alt det andre óg, ler Monica, som har begynt å kalla det livsstil i staden for jobb.

Ho fortel at senteret er minst kjent lokalt, men veldig kjent utanfor kommunen og i miljøet i heile Skandinavia.

– Me har hatt gjestar frå 54 land her. Nett no har me hollendarar, russarar og tsjekkarar, seier ho.

At dei kan halda det gåande om vinteren også, skuldast Golfstraumen. Den gjer at sjøen held eit par grader på overflata og 7-8 lenger nede. Dessutan er sikta klar som dagen, fortel ho. Dykkinga føregår både i Solund, Gulen, Fedje og Lindås.

– I Lurefjorden for eksempel, dykkar me etter Periphylla midt på natta. Utruleg tøft, seier ho. Vrakdykking eller straumdykking kan dei også ordna.

Den dårlegaste dykkemånaden er mars på grunn av algar og dårleg sikt. Men så fekk dei ganske tilfeldig dokumentert at dei har flest nakensniglar i heile Skandinavia like utom kaien. Og dei er største i mars. Etter det har dei blitt nedrende av undervassfotografar frå heile verda.

Når Monica først har sjansen til litt tekstreklame, hiv ho på at dei også har den einaste puben i Gulen som er open heile året.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler