Håøytoppen- sentralt i den indre farleia
Håøy i Meland er populær både blant båtfolket og turgåarar, og det er ikkje utan grunn.
Endret 13.05.11 15:35
Kommune: Meland
Tid: Om lag 2 timar t/r
Rute: Stien startar ved betongblandeverket på Flatøy, men det er også muleg å koma sjøvegen og ta ein rask tur til toppen.
Høgde: 171 meter over havet
Eigna for: Dei fleste. Lettgått tur.
Halvøya ligg fint til i den indre farleia.
Plass til telt og båt
På Håøy kan ein telta, bada og gå på tur.
Er du litt sprek går det fint å ta ein kveldstur hit, og det er også ein grei søndagstur for barnefamiliar.
Kjem du landevegen kan du setja bilen frå deg på ein grusplass like ved betongblandeverket på Flatøy og stien finn du på nedsida av anlegget.
Restar etter militær aktivitet
Stien bort til Håøy er utan dei heilt store stigningane.
Den har vore tilrettelagt med plankar på blaute parti og ei lokal utgåve av Golden gate.
Den vesle trebrua har gitt tapt for vind og vêr, men går vanlegvis greitt å gå rundt dei blautaste partia.
Vel borte på øya finn ein kaiar og restar etter militær aktivitet i tidlegare tider.
Mange av bygga som ein ser restar etter vart bygd på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Anlegget her vart brukt både under første og andre verdskrig.
Det skal også eksistera dokument som viser at Håøytoppen hadde ein sentral funksjon som utkikspost og varslingspunkt heilt tilbake til 1100-talet, så dette er ei øy med mykje historie.
Kjerreveg til toppen
Vegen frå kaien og opp på toppen vart laga med tanke på hest og kjerre og er lett å ferdast på.
Militæranlegget på øya vart avvikla i 1957, og øya har i dag status som friluftsområde.
Meland kommune og Bergen og omland friluftsråd har samarbeida om turkart for området og nede ved sjøen har ein tilrettelagt med utedo, informasjonstavler.
Øya er stor og har vorte mykje nytta både av skuleklassar, speidargrupper og andre som har lyst på ei utflukt.
Omtalt i fleire turbøker
Håøytoppen kan ikkje skryta av så alt for mange høgdemeter, men utsikta er grei.
Toppen byd på utsikt over Flatøy og Nordhordlandsbrua, Knarvik, delar av Holsnøy og Alversund-området.
På toppen er det lagt ut turbok som du kan skriva namnet ditt i.
Turen til Håøy er står nemnt i fleire turbøker frå Hordaland, og litt om historia kan du også lesa i boka «På Tur i Meland» av Knut Langeland, der litt av faktaopplysningane til denne teksten er henta.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





