Strilen / Beste / Har mora i snart 20 år
Brukernavn 
Passord 
 
Har mora i snart 20 år

Melandsrevyen:

Har mora i snart 20 år

Del | |

•    Type arrangement: Lokalrevy
•    Kvar: Vert spela på ulike ungdomshus i ­Meland.
•    Kor ofte: Kvart år, oftast fire framsyningar

Publisert 16.10.11 15:21
Endret 16.10.11 15:02

– Me starta som ein del av kultur­dagane i Meland i 1992, men no står me på eigne bein, seier Steinar Erstad til Strilen.

Han har vore med frå starten og har etter kvart vorte ein gjennomgangsfigur i revyen i rolla som Melandsmonsen. Ein annan gjennomgangsfigur er Inge Åsebø som vaktmeister.
Revyen tek for det meste opp store og små ting som har skjedd i kommunen, og som oftast med ein humoristisk vri. Nummera er stort sett skrivne av folka i revygjengen, som utgjer 15 – 20 personar.

– Det har sjølvsagt kome til nye folk etter kvart, men me er ein gjeng som har vore med frå starten, seier Erstad.

Blant dei er Brith Hansen, Arne Brakstad, Inge Åsebø og Evy Dale, som og var den første instruktøren for revyen. Seinare har dei hatt fleire instruktørar, men i det siste er det Ivar Hopland som har hatt denne funksjonen.

Av spesielle høgdepunkt vil Erstad trekkja fram visa »Hekle-Guri», som vann førstepremie på ein revyfestival på Fitjar.

Revygjengen øver i ungdomshuset på Dale, men revyen vert framført i ulike ungdomshus rundt i kommunen, stor sett fire plassar kvart år.

Det vert laga nye revyar kvart år, bortsett frå eitt år då det vart framført eit skodespel i staden. Revyane vert spela på vårparten.

– No er me i gang med å planleggja neste års revy, som vert som eit 20-årsjubileum, seier Steinar Erstad.

Ein vurderer og å prøva å få til ei eiga ungdomsgruppe.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler