Kari Skår Sørheim
Har sett spor etter seg i Masfjorden
– Eg er nok tungt arveleg belasta når det gjeld interesse for politikk. Far min har site i kommunestyret i Lindås og bestefar min var med i Meland. Det har sjølvsagt påverka meg, seier Kari Skår Sørheim.
Endret 17.09.11 13:24
• Fødd: 1948
• Bur: Seim og har budd mange år i Masfjorden
• Partitilknyting: Tidlegare KrF-politikar
I 1983 flytta ho og mannen til Masfjorden og alt i januar året etter vart ho valt inn i kulturstyret.
– Eg var ikkje så god då eg fekk vita det. Eg vart valt inn utan at eg var spurt om det først, men i ettertid er eg glad for det. Fordi det var eigentleg då ballen begynte å rulla, kan Kari fortelja. Til neste val kom ho også inn i kommunestyret for KrF og der sat ho inntil i fjor då ho og mannen flytta tilbake til barndomsheimen på Skår i Seim.
– Den innsatsen og engasjementet Kari har lagt ned i styre og stell i Masfjorden, fortener litt merksemd. Det meiner Masfjorden KrF som har nominert henne til tittelen Nordhordlands beste politikar.
Kari Skår Sørheim har sett spor etter seg i Masfjorden gjennom sitt engasjement både som politikar og som privatperson.
– Tida som lokalpolitikar har lært meg mykje. Eg har vore heimearbeidande i 25 år og politikken gav meg ei rolle utanfor heimen og kyrkjelydsarbeidet. Nokre gongar har eg vore så trøtt og lei at eg har hatt lyst til å gje meg, men det har også gitt meg mykje og eg må innrømma at eg saknar det no når eg har flytta frå Masfjorden. Spesielt no i valkampen, seier Kari.
Ho har spesielt engasjert seg for born og unge sine oppvekstvilkår i kommunen.
– Eg har også gjort erfaringar i livet, som gjer at eg har fått eit spesielt hjarte for svake grupper i samfunnet. Det engasjerer meg sterkt. Det føler eg at også KrF gjer, og eg opplever absolutt at eg har hamna i rett parti.
Partikollegaene i Masfjorden omtalar Kari som ein dame det er lett å samarbeida med.
«Ho utrykkjer seg klårt og lett forståeleg og ho har vore ei inspirasjonskjelde for oss», skriv Jon Hope i ein e-post til Strilen.
Han kan også presentera ei imponerande liste med verv som Kari har tatt på seg. Ho har blant anna site fire periodar i formannskapen, vore vararepresentant på Stortinget og ho har tatt si tørn med verv i partiet. Kari gjorde også sitt for å få Havforskningstasjonen til Matre. I tillegg har ho engasjert seg frivillig for kyrkja og misjonen og blant anna drive barneforeining heime i prestegarden. I dag er det leiarvervet i Misjonsselskapet (NMS) som tek mykje av tida hennar, og ho er ikkje lenger aktiv i politikken.
– Når du er så vaksen som det eg er, så rekk du ikkje over alt lenger. Sjølv om eg har likt å driva med politikk, så føler eg at det er andre ting eg må prioritera no, avsluttar ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





