Bjarte Leithaug:
Har sunge med 50.000 born
Bjarte Leithaug er mannen bak Nordhordlandssongen, Jeg liker dine store ører, og Skal vi være venner. Sistnemnte vert i dag sunge på alle norske skular, og det er ikkje tilfeldig.
Endret 18.06.11 13:43
• Bjarte Leithaug • Alder: 53 år • Bur: På Flatøy • Type artist: syng og spelar • Sjanger: Musikk for born og musikk med ein kristen bodskap.
Bjarte er nemleg lærar av yrke og oppteken av å laga songar om og for barn og unge.
– Eg har alltid vore glad i song og musikk og då spesielt kristen musikk. Då eg fekk born sjølv fekk eg også lyst til å skriva musikk spesielt for born. Eg fann ut at det var veldig kjekt, og dei siste tjue åra har mesteparten av det eg har skrive og laga vore retta mot barn og unge, kan Bjarte fortelja.
Når han skal laga ein song skriv han om ting han veit at born er opptekne av, tekstane skal helst vera ærlege, vera litt morosam og så ønskjer han å formidla nokre gode verdiar på vegen.
– Tidlegare skreiv eg mest kristne barnesongar, men etterkvart har eg gått mykje over til å skriva tekstar om allmenne verdiar, til dømes vennskap. Då kan songane brukast i mange samanhengar, seier Bjarte.
Men han nøyer seg ikkje med å skriva songane for borna, han likar også å vera saman med dei å syngja.
– Når eg no er passert femti år, føler eg vel at eg begynner å verta litt gamal til å reisa rundt å halda konsertar for folk, men å syngja saman med borna er så artig at eg kjem nok til å slita med å slutta med det. Når du er saman med born på den måten som eg er, vert du veldig oppteken av det dei er opptekne av, så eg er nok framleis ung til sins, flirar Bjarte, som har funne ut at han har stått på scena med til saman 50.000 born.
Tre gongar har Bjarte også arrangert ein stor barnekorfestival i Knarvik som har samla svært mange kor, og det har gått så bra at Bjarte har bestemt seg for at det blir nok ein barnekorfestival neste år.
– Det vert i mars og datoen er alt sett, seier Bjarte, som bruker svært mykje av fritida si på musikken.– Eg har rundt 30 konsertar i året. Mesteparten av konsertane er lagt til helger. Det er eit ganske hektisk liv, men veldig moro.
Moro er det også å vita at ein har laga musikk som når ut til så mange. Når Bjarte reiser rundt for å ha konsertar, er det nesten alltid fullt hus, og songen «Skal vi være venner» er vorte ein «hit» på NRK BarneTv.
Bjarte har også gitt ut musikkvideo på DVD, laga songbok og ei gåvebok for brudepar med små artige vers.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





