Strilen / Beste / Heimekos med internasjonal vri
Brukernavn 
Passord 
 
Heimekos med internasjonal vri

Søthola:

Heimekos med internasjonal vri

Del | |

•    Kafé på Dalsøyra i Gulen
•    Opna i juli 2008
•    Eigd og driven av: Solveig Anne Weltzien og Richard Hayms.

Publisert 13.01.11 13:30
Endret 13.01.11 12:59

– Hjå oss finn du knapt to stolar som er like. Og slik skal det vera. Det er ein del av sjarmen, seier Solveig Anne.

Kafeen vegg i vegg med nærbutikken på Dalsøyra satsar på sjarm og ein utruleg miks av smakar. Sambuarparet Solveig Anne og Richard ønskte seg ein kafé der heimekosen skulle stå i sen­t­rum. Difor har dei satsa på innredning inspirert av 1940 og 1950-talet. Resul­tat­et vart ein kafé du ikkje finn maken til.

I Søthola kan dei freista med alt frå norsk tradisjonsmat til indiske, thailandske og asiatiske rettar. Det har slått til.

– Richard er kokk og likar stor variasjon. Det er kanskje ikkje det ein forventar seg på ein liten kafe som dette, men tilbakemeldingane er gode og vår erfaring er at gjestane ikkje er redde for å prøva nye smakar. Me har hatt folk i åttiåra innom som har prøvd seg på indisk og rettar med chili i, og dei kjem tilbake gong etter gong, får Strilen vita.

Å driva kafé i ei lita bygd i Gulen, er ikkje noko ein vert rik på, men det er heller ikkje målet til sambuarparet.

– Me vil at kafeen skal vera ein samlingsplass der folk kan koma saman og trivast uansett alder, seier Solveig Anne.

Ho og sambuaren driv kafeen i tillegg til anna arbeid. Med nærleik til sjøen trekkjer dei gjestar som kjem både med bil og båt.

– Sommaren er høgsesong. Då er det fullt kjør og ope seks dagar i veka. Vinterstid er det rolegare og berre ope to-tre dagar i veka, men folk i nær­mil­jøet er flinke å bruka oss.

Det er det som gjer at det er muleg å driva ein kafé i ei så lita bygd som dette, seier Solveig Anne.

– Menyen varierer etter gjestane sine ønskje, kokken sine lyster og tilgangen på råvarer. All mat vert laga frå grun­nen av og kafeen nyttar gjerne kortreist mat.

Kafeen har plass til 50 spisegjestar, og eigarane kan nemna følgjane døme frå menyen:

1.     Spareribs, med kokkens eigen marinade og krydderblanding
2.     Lettsalta brosme i kvit saus med baconfett (berre i sesongen)
3.     Heimelaga ostekake med bær.

•    Prisklasse:
Prisen på hovudrettar varierer noko. Snitt på rundt 130 kr, desserter rundt 50 kr.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler