Strilen / Beste / Hellisøy beste attraksjon
Brukernavn 
Passord 
 
Hellisøy beste attraksjon

Hellisøy beste attraksjon

Del | |

FEDJE: Hellisøy fyr vann med god margin Strilen si kåring av Nordhordlands beste turistattraksjon.

Publisert 17.09.11 13:04
Endret 17.09.11 13:04

Kvar månad i jubileumsåret invite­rer avisa lesarane med på å kåra Nordhordlands beste i ulike kategoriar. I august har Hellisøy fyr konkurrert med mellom andre Lyngheisenteret og Gulen dykkesenter, om å få flest stemmer som den beste turistattraksjonen.

– Me fekk med oss fastbuande, hyttefolk og fråflytta fedjingar til å stemma på fyret, seier Trond Ågotnes.

Patriotisme
– På Fedje er folk patriotiske, og dei støtta opp med sine stemmer, seier Ågotnes, og legg til at alle vart oppmoda til å ikkje gje fleire stemmer frå ulike datamaskiner.

Saman med kona Lene Renate Ågotnes driv han Pernillekafeen på Fedje og Fedje Turistinformasjon, og det er gjennom dei at turar til fyret vert organiserte.

– Fyrtårn
– Nordhordland reiselivslag brukar Hellisøy fyr som nettopp eit fyrtårn i si marknadsføring av Nordhordland, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland.

Det er kommunen som i dag eig fyret, men drifta er det Fedje Turistkontor som står for, etter at andre har hatt drifta tidlegare.

– Elles er det viktig å nemna dei som gjorde ein stor dugnadsinnsats for å restaurera fyret, då det vart ledig etter automatiseringa.

Særleg gjekk Rolf Rognsvåg i spissen for dette restaureringsarbeidet, seier Handeland.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler